Landets mest kjende valforskar, Frank Aarebrot, peika vidare på at dersom valdeltakinga kom ned under 50 prosent har me eit demokratisk problem. Men etter siste kommune- og fylkestingval var det i følge Aarebrot ein viss grunn til optimisme med omsyn på valdeltakinga. Etter fleire lokalval med nedgang blei det i år eit lite oppsving.
Redaktør Lars Mæland i Sunnhordland viste til aksjonen som Landslaget for lokalaviser hadde før dette valet. -I fleire kommunnar der denne aksjonen fekk verka har ein hatt tydeleg auke i valdeltakinga, sa Mæland.
Eit debattema etter kommunevalet blei Frp sin lagnad. I fleire kommunar som t.d. Tysvær og Karmøy blei Frp største parti, men enda utan maktposisjonar når viktige verv blei fordelte etter valet. -Er dette å føra veljarane bak lyset og bidra til halda folk borte frå valurnene neste gong, spurde møteteiar Harald Dale.
Frank Aarebrot peika på at Frp oppnådde jo ikkje fleirtal i nokre av desse kommunane og kunne såleis ikkje krevja noko aleine. - I mange kommunar har Ap vore største parti ved fleire val, men fekk ofast ikkje ordføraren. Frp må sjølve bidra til å redusera redsla, som er sterk i andre parti for å samarbeida med Frp, sa Aarebrot.

