Dag fanga "hattane" med Årbok-stipendet sitt

(04.03.09) Du har framleis moglegheit til å søkje Årbok-stipend. Men skund deg!

Få journalistar i fylket har så langt søkt Årbok-stipendet. Søknadsfristen er 20.mars, og stipendet kan gje deg høve til frikjøp frå jobben slik at du kan gå eit tema nærare etter i saumane. Elles er det sjølvsagt lov å søkje på alle typar prosjekt som fell innafor vedtektene til stipendet. 

 

Så hatten passar

Dag Frøyen i Firdaposten fekk saman med Katrine Sele og Trude Bakke stipendet i fjor.

Frøyen brukte midlane til eit fotojournalistisk prosjekt om «hattar»
- Med det meinte eg kjelder vi journalistar er knytt til i lokalpressen og dei funksjonane dei har på ulike felt, fortel Firdaposten-journalisten.

 

Floge på veggen 
- Då eg gjekk inn i prosjektet hadde eg ein generell idé om å kunne vise andre sider av lokale kjendisar som har versert i spaltene våre i alle år. Det eg ville gjere var å vere litt «floge på veggen» og fange personane i uvande situasjonar kor lesarane ser nye sider av kjende ansikt frå spaltene. Verkemiddelet eg ville bruke tid på var foto, fortel Frøyen som på førehand hadde plukka ut ein del personar han ville ha med i prosjektetet. Frøyen ordna seg ei avtale med Firdaposten si slik at han kan lage ei rekkje fotoreportasjer i avisa.

 

 

Rydde bort jobben
For å kunne jobbe med dette prosjektet måtte Frøyen få jobben i Firdaposten av ryggen.

 -Likevel var «ulempa» at det genererte saker eg har jobba med i ettertid, og som har blitt som hybridar å rekne på trykk i avisa. Det som eg såg føre meg kunne bli ein artig liten serie i avisa, har blitt ganske mykje større og langt meir omgripande, fortel Frøyen.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING