Eli Eikenæs Vengen, Firda:
Første vinnaren søkjer om stipend for ein reisereportasje til byen Pattaya i Thailand. Der bur og arbeider organist Kjell Ivar Aase frå Gaular
saman med kona si Aase. Dei deler ei stilling på sjømannskirka. Dei kom dit i august 2006, og reiser attende til Sande i juli
2007. Søkjaren ønskjer å reise til dei, og følgje arbeidet dei gjer i landet. I kyrkja, på barneheimar, i bargatene og på
kontoret. Kontrastane er store, kulturen og landskapet ukjent. Dei sjølve seier dei er endra etter å ha vore der i litt over
eit halvt år. Dei stiller spørsmål ved sin eigen livsførsel i Norge, korleis kommunikasjon, kultur, tradisjonar er så totalt
annleis, og kva dette har gjort med dei. Til dette besøket får Eli Eikenæs Vengen 10.000 kroner med på vegen.
Linda Regine Bruvik, Firdaposten:
Neste søkjar ønskjer å bruke stipendpengane til etterutdanning i featurejournalistikk. Ho har vore journalist i Firdaposten
sidan 2002. No ønskjer ho å utvikle journalistikken sin. I januar starta ho på Høgskulen i Oslo sitt nettstudium i nettopp
featurejournalistikk. Studiet fokuserer på ei av framtidas utfordringar i den trykte pressa, som er at det i stadig aukande grad vil vere etterspørsel etter journalistar
som beherskar ”den handskrivne journalistikken” – journalisten som har ei personleg stemme og ein god penn. I løpet av studiet skal ein difor lære ulike featuresjangrar og journalistiske arbeidsmetodar som pregar desse. Studiet vil
resultere i to featurereportasjer, eit portrett og ein petit, i tillegg til innleveringar innan analyse, språk, dramaturgi
og skrivekunst. Den første featurereportasjen skal eg lage i Malawi, når ho reiser til Flora kommune sin samarbeidspartner
der, Nkhotakota, i slutten av februar. For å utvikle seg får Linda Regine Bruvik i Firdaposten 10.000 kroner.
Marit Bendz og Heidi Hattestein, frilansarar:
Det neste stipendet handlar om eit aktuelt tema: Klimaendringane. Permafrosten i Sibir tinar, med enorme konsekvensar for det globale klimaet. Ikkje berre CO2, men store mengder metan ligg
bunde i tundraen. Dersom dette vert frigjort, vil drivhuseffekten akselerere. Enkelte forskarar meiner dessutan at virus og
bakteriar har overlevd i isen. Desse kan bli frigjort, slik at sjukdommar som for lengst er utrydda, kan dukke opp att. Vi
snakkar om ei klimautvikling som vil få konsekvensar også for oss her i Sogn og Fjordane. Det er på tide å opne auga for det
som skjer, seier søkjarane. Hus, røyrleidningar og jernbane i Sibir gynger på grunn av tininga. Husa søkk, står på halv åtte
og renn fulle av vatn og gjørme i vårsesongen. Kva med jordbruket og vanlege folk i Sibir? Marit Bendz og Heidi Hattestein planlegg ei reise til Sibir i mai i år. Dei ønskjer
å ta tog heile vegen frå Flåm, for å reise mest mogleg miljøvennleg. Kor langt nordaustover kjem ein eigentleg med tog frå
Flåm?!?! Til togbillettane deler dei det tredje stipendet på 10.000 kroner.
Harald Vartdal i Fjordingen:
Kraftutbyggjing er eit høgaktuelt tema for tida. Over store delar av landet føregår det planar om å byggje ut småkraftverk.
Dette gjeld ikkje minst på Vestlandet der dette har byrja verte ei viktig attåtnæring for mange grunneigarar. Akkurat no føregår
det planar om småkraftutbyggjing som til dømes kan dekkje kraftbehovet til husstandane i ein kommune som Stryn. For å følgje
denne utviklinga nærare, ønskjer søkjaren å sette seg inn i problemstillingar knytt til dette emnet - sjå på regelverket,
vitje ulike utbyggingsprosjekt og setje eit kritisk søkelys på temaet. Vona er at undersøkjinga kan resultere i minst ein
større, kritisk artikkel om emnet. Difor får journalist Harald Vartdal i Fjordingen 10.000 kroner i Aldenstipend.
Stig Roger Eide i Firda:
Den siste stipendvinnaren skal snu opp ned på mytene om byen vi no er i. Han skal skrive ei praktbok der han skal leite fram
perlene som mange meiner Førde har, og som kan sjå ut til å ha blitt borte på vekstens alter. Dessutan meiner søkjaren at Førde har mange perler som svært få kjenner til. Og ikkje minst har næringslivet i fylkesenteret
klart gjeve uttrykk for at dei har trong for ei praktbok om byen. Ei svært utfordrande oppgåve. For å gjere den litt mindre
utfordrande legg Sogn og Fjordane journalistlag 10.000 kroner i potten og ønskjer lukke til. Stig Roger Eide får 10.000 kroner.

