Det blir årbok også neste år

(26.05.08) Selja Forlag har signert avtale med NJ, NRK og Avisforeningen i Sogn og Fjordane. Dermed blir det årbok i Sogn og Fjordane også neste år. For SFJ betyr dette at vi kan halde fram med betalt sekretær og stipend.

Etter at Alden Forlag i vinter varsla at dei sluttar å gi ut årbok for Sogn og Fjordane, har det vore jobba for å få til eit framhald for boka. Etter lengre tid med forhandlingar vart det i dag signert ein avtale for eit prøveår med Årbok frå Selja Forlag.

Sekretær og stipend
Avtalen er underskriven av Sogn og Fjordane journalstlag, NRK Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane avisforeining og Selja Forlag. Den gjev Selja rett til å nytte bilete og tekst av NJ-medlemmer og redaktørar i lokalavisene og nettsida til NRK Sogn og Fjordane.

For Sogn og Fjordane journalistlag betyr avtalen at vi framleis kan løne sekretær, og at vi kan halde fram med stipendordninga vår. Selja betaler 80.000 for desse rettane.

Stian Sjursen er leiar i Sogn og Fjordane journalistlag.
Glad for avtale
- Vi er veldig glade for at det vart ein avtale. Det betyr mykje for lokallaget at vi har ein sekretær som driv arbeidet i laget. Dessutan er det gledeleg at ikkje stipendordninga for journalistane i fylket forsvinn. Det seier Stian Sjursen, leiar i Sogn og Fjordane journalistlag.

Det er klubbleiarane som no får ansvar for kontakten mellom redaktøren for Årboka og redaksjonane.

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING