PRESSEMELDING – PRESSEMELDING – PRESSEMELDING - PRESSEMELDING
NRK-Journalistlag
Sogn og Fjordane
6800 FØRDE 31.mai 2006
STILLE FRÅ NRK SOGN OG FJORDANE
No er det stille frå NRK Sogn og Fjordane. Årsaka er at journalistane ser seg nøydde til å gå til streik. Det er 13 år sidan
sist NRK-journalistane streika sist, men no føler vi utviklinga har gått feil veg dei siste åra. Difor seier vi no ifrå.
1) Løna må opp.
På lønsstatistikken kjem NRK-journalistane på 43.plass, mellom dei norske mediebedriftene. NRK Sogn og Fjordane kjem på 96.plass.
Vi har ei minsteløn på 246.000, og etter 25 år er minsteløna berre 323.000. NRK er ei av dei leiande mediebedriftene i landet,
med stabilt høg oppslutnad hjå lyttarar og sjåarar. Men dette viser ikkje att på lønsstatistikken.
2) Vil ha fri som andre journalistar.
Vi har ei veke mindre fri i året enn andre journalistar. Arbeidsmengda er stor, med hard turnus og konstant tidspress. Kvar
journalist produserer stadig meir, på kortare tid. Difor krev vi at journalistar som har jobba i meir enn 10 år, skal få fem ekstra fridagar.
3) Hindre bruk og kast av vikarar.
Vi ynskjer at vikarar skal få halde fram i vikariatet sitt dersom journalisten dei vikarierer for får forlenga sin permisjon.
Dette er eit vern som andre mediebedrifter har. I dag har NRK har størst forbruk av mellombels tilsette i medie-Norge. Ved
å ikkje kome journalistane i møte, forsøker dei å vidareføre bruk og kast-politikken av unge og arbeidsvillige journalistar.
Vi håper at streiken vert så kort som mogleg, og at NRK så snart som mogleg kjem opp med eit tilbod vi kan godta.
FOR MEIR INFORMASJON KONTAKT: Leiar NRKJ Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer på telefon 957 09 412.eller nestleiar NRKJ Sogn og Fjordane, Stian Sjursen på telefon 950 60 974.

