Du må betale billetten sjølv

(31.01.05) På grunn av at NJ har løyvd mindre pengar enn venta til vårseminaret vårt, må vi be deltakarane om å betale operabilletten sjølv. Vi har klaga til NJ og fått noko meir stønad. Men vi vil gå med eit større underskot om vi også skal betale billettane for deg i tillegg til hotell, festmiddag og konferanse.

Prisen for operabilletten vil ligge på om lag 250.-

Vil du melde deg av?
Dersom dette gjer at du ikkje ønskjer å delta på vårseminaret likevel, må du melde i frå om dette i løpet av denne veka. (Svar då på denne eposten). Vi gjer merksam på at påmeldinga ellers er bindane sidan vi må kjøpe inn billettane på førehand. Du betaler billettane på Nordfjordeid.

Fullt
Det har vore rekordpåmelding til vårseminaret, og det er venteliste i skrivande stund.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING