I Dagens Næringsliv kunne Ingvild Rugland driva kritisk journalistikk med eit distansert forhold til kjeldene. Då ho flytte til Bergen fekk jobben ei kjensleladd side. No møter ho att personane ho set kritisk søkjelys på i nærbutikken og får gråtande naboar på telefonen.
Det kritiske søkjelyset på mennene bak det nye kjøpesenteret Xhibiton førde til at dei som annonsør ville trekkje ein millionkampanje.
- Problemet er at mange ikkje forstår kvifor me skriv om dei, seier den unge næringslivsjournalisten.
Rugland innleia sitt føredrag om korleis ho rulla opp Statoil-skandalen. Ho fortel om spenninga fram til dei andre media kasta seg på, om Økokrim sin rassia hjå Statoil og invitasjonen til Iran.
Rugland kom med fleire velmeinte råd til sine kolleger for å få fram gode næringslivssaker.
Ho oppfordrar journalistar til å sjekka kunngjeringane til Brønnøysundregisteret og å henta ut årsrekneskap. Vår og sommar er tid for årsrekneskap. Ho peiker på at det ofte finst interessante innfallsvinklar til bransjesaker.

