Dette referatet har styremedlem Ingerid Jordal skrevet:
Tillitsråd, Alta, 18.10.08
Til stades: Dan Robert Larsen (leiar FJ), Aslak Ballari (styremedlem), Jan Henrik Hætta, Rolf Jacobsen, Tom Skoglund, Tor Sandø, Robin Mortensen og Ingerid Jordal
1. Rapport frå klubbane
6 klubbar rapporterte:
Jan Henrik Hætta, NRKJ Sámi
Rolf Jakobsen, NRKJ
Tom Skoglund, Altaposten
Tor Sandø, Sør-Varanger avis
Robin Mortensen, Finnmmark Dagblad
Ingerid Jordal, Finnmarken
Underbemanning er eit gjennomgåande problem hos samtlege. Fleire klubbar meldar om lav aktivitet og utfordirngar i å engasjera medlemmene, og at stor utskifting blant folk lammar klubben. Dei stadene klubben er aktiv, til dømes Altaposten, oppnår ein resultat.
2. Korleis gjera FJ meir interessant for klubbane?
Leiar Dan Robert Larsen seier at å engasjera den lokale klubben i FJ-arrangement, slik som at Altaposten arrangerte helgas debattmøte, har vist seg å vera ein god måte å få med folk. Dette vil FJ vidareføra. I tillegg lovar leiaren at FJ skal verta meir synlege i samfunnsdebatten og koma med fleire utspel i media.
Robin Mortensen foreslår at klubbar på eige initiativ arrangerar debattar.
Rolf Jakobsen meiner at å halda årsmøte på Svarte Natta-konferansen i Tromsø ikkje er positivt for FJ som organisasjon, fordi det vert hastverksprega.
Ingerid Jordal foreslår at FJ arrangerar kursing for journalistar i Finnmark.
Dan Robert Larsen oppfordrar alle medlemmer til å koma med idear om gode kurs- og debattema.
Rolf Jacobsen foreslår debatt om fjerning av kringkastingsavgifta.
3.FJ si nettside
Leiar orienterer om bruk av FJ si nettside også for klubbane til å informere om arbeidet sitt. Alle klubbar kan sende rapportar til Dan Robert Larsen, som vil verte publiserte på www.nj.no/finnmark

