Enigheit om lønna!

(26.04.03) NRKJ og NRK blei fredag ettermiddag enige i årets lønnsoppgjer. Alle journalistar er sikra eit flatt tillegg på 9100 kroner i året.

NRKJ og NRK blei fredag ettermiddag enige om årets lønnsoppgjer.

Alle journalistar i NRK får eit flatt tillegg på 9100 kroner i året (7100 kroner blir gjeve frå 1. april 2000 kroner frå 1. oktober). Denne summen blir lagt på di individuelle lønn.

1. oktober skal det i tillegg fordelast 5000 kroner og 10.000 kroner i personlige tillegg til 1/3 av medlemmane våre. Dette er same beløp som i fjor.

Gjennomsnittlig lønnsvekts for journalistgruppa blir såleis 11.322 kroner.

I tillegg er partane enige om at den som er tilsettingsansvarlig skal gjennomføre ei grundig og forsvarlig vurdering etter § 3.4.1 i Journalistavtalen før lønn blir fastsett, med særlig vekt på den skjønnsmessige vurderinga og dei to siste kriteria i paragrafen. Partane skal følgje opp dette fram til tariffrevisjonen våren 2004.

Årets oppgjer er eit mellomoppgjer, det har såleis ikkje vore forhandla om tektst i Journalistavtalen.

Styret i NRKJ har bestemt at resultet ikkje skal ut på ur-avrøysting.

TF blei enige med NRK fredag kveld (5700 kroner flatt, ramme på vel 7700 kroner). NRK ba om bistand for å prøve å kome fram til semje med KL. Forhandlingar med bistand startar måndag.
Idium webpubliseringWEBPUBLISERING