| 1) Kvifor meiner du det er feil å gje alle medlemmer i SFJ høve til å søkje Aldenstipend? Det er fordi Aldenpengane er kompensasjon bidragsytarar får for at stoffet blir brukt opp att. Då meinar eg at pengane bør gå til dei som produserar stoffet. 2) No får alle medlemmer høve til å søkje om eitt av stipenda, kva meiner du om det? -Du har folk som arbeider i aviser som leverer einskilde år, og ikkje andre: Eg ser at ordninga slik den var, kunne slå skeivt ut for desse. -Men når det gjeld til dømes NRK-journalistar som aldri bidreg med stoff til boka, ser eg ikkje at det er noko grunnlag for at desse skal kunne søkje på Alden-stipenda. |
Arne Stubhaug. (FOTO: Olav Øygard) |
|
| 3) Det vart ingen fotopris i 2006. Kva meiner fotograf Stubhaug om det? Eg meiner at det er dumt at folk ikkje sender inn. Eg tek sjølvkritikk på at eg sjølv ikkje sendte noko inn, eller oppfordra andre i redaksjonen til det. Elles meiner eg at journalistar flest bør vere meir bevisste på foto i den daglege produksjonen. Det er trass alt blikkfanget som anten får lesarane til å stogge og lese saka, eller berre bla vidare. Når det gjeld det at det ikkje vart delt ut pris fordi innsendt materiale var for lite og dårleg, kan det fort slå begge vegar. Anten så skjerpar folk seg og sender inn fleire bilete, eller så kan ein fort tenkje at bileta mine er så dårlege at det ikkje er vits i å sende inn. Dersom sistnemnde slår til, kan vi like godt leggje ned heile prisen. Dersom vi vil ha ein pris for framtida, må vi anten få fleire til å delta, eller redusere kvalitetskrava. 4) Kva trur du må til for å få opp fleire og betre kandidatar til presse- og fotoprisane i Sogn og Fjordane? Når det gjeld fotoprisen, kunne det for eksempel vere ein ide at alle sendte inn månadens bilete. Dette ville føre til at ein i alle fall fekk inn bileta til vurdering. Trur kanskje at det ville vere lettare å hugse bileta ein har tatt siste månaden, enn å måtte gå gjennom alle bileta ein har teke siste året rett før fristen til årets bilete går ut… Ang. presseprisen så må nok vi alle bli flinkare til å sende inn forslag. Trur kanskje at ein del treng eit spark bak for
å kome med kandidatar. Kanskje ein må ha ein innpiskar som tek kontakt med dei forskjellige redaksjonane i god tid før fristen
går ut. Ser ut til at påminning berre via e-post ikkje er nok. Arne Stubhaug. |


