|
Jan Atle Stang sa måndag til Firda.no. at journalistane i fylket aldri har hatt det betre. Dette var ein reaksjon på at juryleiar for fotoprisen, Olav Øygard, meinte at arbeidspress og lønsnivå i media, kan ha litt av skulda for manglande vinnarar av foto-, og presseprianes. Her følger eit Bratte Bakkar-epostintervju med Stang: |
1) Du meiner journalistane i fylket aldri har hatt det betre. Kva trur du som gjer at ein ikkje finn verdige kandidatar til foto og presseprisen?
Dersom det er slik at juryen ikkje finn verdige kandidatar kan det skuldast fleire forhold, utan at eg sit med svar på det.
Eg har jo ikkje sett dei innsende bidraga, ei heller tenkt særleg over denne problemstillinga gjennom året. Men det kan jo
også vere problemet for fleire; at dei ikkje til dagleg tenkjer på kva som kan vere bidrag til ein pressepris.
Heng ikkje så høgt som før
Eg trur likevel at det må ha blitt laga saker gjennom det siste året i dette fylket som kvalifiserer til ein slik pris, på
same måte som tidlegare. Det gjeld berre å få redaksjonane til å bli så opptatt av denne prisen at dei sender inn bidrag.
Når dei ikkje gjer det kan ikkje det bety anna enn at denne prisen ikkje heng så høgt som før.
Det er i så fall beklageleg, for slik eg ser det burde ein slik pris vere ein motivator for auka innsats og betre kvalitet.
Vi har alle noko å gå på her.
Oppsiktsvekkjande enkel forklaring
Det blir uansett feil, og ein fallitt for journalistikkens vesen, å seie at til dømes lønsnivå er den variabelen som avgjer
kvaliteten på eit redaksjonelt produkt. Eg går ut frå at ein journalist gjer sitt beste uansett om han eller ho tener slik
eller slik. Dette må jo ha med yrkesstoltheit å gjere - lesarane og lyttarane er kundane og dei kan jo ikkje få ei dårleg
utarbeidd sak sjølv om journalisten er misnøgd med løna si?
Skal t.d. ein arbeidar på skofabrikken i Dale laga dårlegare sko fordi om han eller ho meiner seg for dårleg betalt? Sjølvsagt
ikkje. Når Olav Øygard går ut med ei slik forklaring er den ikkje berre oppsiktsvekkjande enkel, den er også som ein refleks
frå ein tidlegare klubbleiar. Øygard burde heller gå i seg sjølv og stille spørsmål ved om han har marknadsført prisen godt
nok over for medlemane sine. Eg trur heller at det er her problemet ligg. Reint retorisk kunne ein jo også stille spørsmålet
tilbake til Øygard: Har kanskje journalistar så bra løn i dag at dei ikkje vil ta seg bryet med å sende inn stoff til ein
pris som kun kan gje dei 5000 kroner? Eg veit ikkje, men i retorikkens namn må dette spørsmålet kunne stillast.
Nivåkravet for høgt
Eit anna spørsmål er det om nivåkravet til prisane er lagt så høgt at kun eit fåtal føler at dei har ei god nok sak/bilde
til å sende inn. Det skal ein ikkje sjå bort frå. Men mest av alt trur eg kanskje at juryen ikkje har følgt godt nok med på
kva som er produsert i fylket, og slik sett uttaler seg på sviktande grunnlag når dei meiner at nivået ikkje har vore høgt
nok i året som har gått. Gode nok saker er produserte sjølv om dei ikkje har nådd Øygard & Co.
2) Kva trur du kan gjerast for å heve statusen til desse prisane?
-Som nemnt ovanfor trur eg kanskje at ein kan starte med å gjere journalistar og redaktørar meir medvitne om kva ein slik
pris bør bety for dei redaksjonelle miljøa i fylket. Men dersom ein byrjar å kaste om seg med skuldingar om kven som er årsak
til at situasjonen er som den er i år, kjem ein i alle fall ikkje nokon veg. Her må alle spele på lag, vere konstruktive.
3) Er det viktig at journalistane i fylket set fokus på seg sjølv og heidrar dei som har gjort ein god jobb?
Ja, eg trur at journalistane bør vere mindre redde for å gje seg sjølve, og arbeidsplassen sin, ros og god pr. Ein må våge
å seie, også offentleg, at "eg har gjort ein jobb eg er stolt av" og at "eg er stolt av arbeidsplassen min". Dette bør ikkje
ha noko med lønsnivå å gjere. Når det gjeld arbeidsvilkår kan det ikkje vere tvil om at desse er betre enn nokon gong, ikkje
minst teknologisk og utviklingsmessig. Aldri har det blitt investert meir i så vel utstyr som personal kring om i dei fleste
redaksjonar.
4) Så dette er ikkje eit teikn på at journalistane gjer ein dårleg jobb i Sogn og Fjordane?
Journalistane i Sogn og Fjordane gjer absolutt ikkje ein dårleg jobb. Dei gjer heller ikkje ein dårlegare jobb ein før. Om
prioriteringane på deskane er annleis enn før, er ei anna sak. Redaksjonane er nok meir nyheitsfokusert, og då kanskje opp
mot dei kjappe nyheitene. Men dersom dette er eit problem i høve til statuttane for presseprisen, ja, så bør jo statuttane
oppgraderast til dagens røyndom. Dette ikkje minst fordi det også etter kvart blir gjort eit godt journalistisk handverk på
nokre av nettavisene i fylket. Dei elektroniske media tel liksom ikkje i denne samanheng, og det er etter mi meining for gammaldags.
5) Er det nokon du ville gjeve desse prisane til?
Eg har ikkje tenkt godt nok gjennom dette til å kome med framlegg til kandidatar. Eg har ikkje site i juryen. Men at dei finnst
er eg ikkje i tvil om. Til dei som styrer med dette vil eg berre seie lukke til i det vidare arbeidet. Den som leitar med
opne augo, utan skylappar, finn!


