Det redaktør Jan Atle Stang reagerer på i eit intervju med avisa.no, er ei støtteerklæring frå leiar Sigmund Raanes i NRK sitt journalistlag til streikande kollegaer landet over. Raanes gir uttrykk for at NRKJ støttar kollegaene våre sin kamp for rettferdige krav. Det gjer han på lik linje med journalistklubben i Kanal 24 og mange andre medieverksemder landet rundt. Dette brevet er også gjengitt på heimesida til journalistlaget i Sogn og Fjordane og underteikna av Sigmund Raanes. Redaktør Stang meiner støtteerklæringa gjer at den einskilde medarbeidar i NRK Sogn og Fjordane ikkje klarar å vere objektiv i konflikten. Ein slik grensegang er vanskeleg, men eg meiner det ville vere å ikkje spele med opne kort, dersom vi som fagorganisasjon ikkje hadde sagt noko om kvar vi står i saka. Er ikkje du og dine redaktørkollegaer, som i desse streiketider brått byrjar å skrive i avisene igjen, minst like inhabile i høve til å dekke streiken?
Du peikar på at NRKJ ikkje er ein part i streiken, og difor bør halde seg unna. Men her tek du feil. Journalistane i NRK og journalistane som no er i streik er organiserte i same fagforeining, men vi har kvar vår forhandlingspart. Sjølv om NRK-journalistane ikkje er direkte råka av konflikten, er vi likevel ein del av konflikten. Dersom streiken blir langvarig, er det ein del av solidariteten at vi støttar opp med økonomiske bidrag til dei streikande kollegaene våre. Det gjer vår organisasjon og medlemmane våre til ein del av denne konflikten. Norsk Journalistlag ville ha støtta opp på same måte dersom det hadde vore streik i NRK. Norsk Journalistlag har ei svært viktig rolle i NRKJ sine forhandlingar, både som rådgjevarar og støttespelarar. Ikkje prøv å narre nokon til å tru at avisa Firda hadde latt vere å dekke ein NRK-streik fordi dei var redde for truverdet sitt.
Eg trur lesaren hadde hatt større problem med truverdet til avisa om dei let vere å dekkje ein konflikt i NRK - sjølv om streiken hadde vore appludert av Norsk Journalistlag.
I din desperate kamp å vinne sympati, har ein av redaktørane dine intervjua distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane, som ber journalistane i NRK Sogn og Fjordane halde ein låg profil i streiken. Det er jo heilt klart at journalistane som dekker streiken i NRK ikkje bør gå som faneberarar for avisstreiken, og det er det heller ingen som gjer eller har gjort. Sjølv er eg både klubbleiar i NRK Sogn og Fjordane og medlem av styret i Sogn og Fjordane Journalistlag, og difor heilt fråverande i NRK si dekning av streiken.
Dersom det tidlegare i vår hadde vorte streik i NRK, hadde NRK ikkje laga sendingar på radio og fjernsyn med distriktsredaktør Kai Aage Pedersen og kringkastingssjef John G. Bernander bak mikrofonen. Redaktør Stang og redaktørkollegaene hans i Firda burde ha vore like nøytrale i denne konflikten. Det tek seg dårleg ut å springe rundt og leike journalistar for å gi ut ei miniatyravis berre for å sikre seg annonsekroner.
Frode Søreide
Klubbleiar NRKJ Sogn og Fjordane
Styremedlem Sogn og Fjordane Journalistlag
