Tekst av: Geir Arne Solheim
Den svenske nordmannen med dansk pass fann det lurt å halde seg heime frå ein tur til Pakistan på grunn av nokre teikningar,
og tok i staden turen til rasutsette Loen for å teikne eit heller dystert framtidsbilete for fylket vårt.
Fylket endrar seg
– Landskapet i fylket er berre midlertidig. Istida er eigentleg berre nett ferdig, og alle fjordane våre er kunstig oppbygde
og vil snart rase saman. Fjellsidene skal ikkje vere meir enn 30 grader. No snakkar eg om kort tid i geologisk samanheng.
Det kan kanskje ta hundretusenvis av år før dette skjer. Men det vil skje, stadfesta geologen.
Tenk rasfare
Vi treng altså ikkje frykte den store katastrofen den neste stortingsperioden på dette feltet. Men det vil kome ras. Mange
ras. I eit fylke som Sogn og Fjordane skjer det skred rett som det er av både snø, jord og stein. For mange vert dette ein
del av den journalistiske kvardagen. Difor vart Kristensen invitert for å lære journalistlagsmedlemmane litt meir om emnet.
Fleire skred
Den menneskeskapte temperaturauken vil føre til fleire og større skred i fylket i åra som kjem. Men det finst òg andre menneskeskapte tilhøve som kan vere påverkande faktorar på faren for tap av liv i ras, til dømes jordbruk og skogsbruk.
- På midten av 1800-talet var det mange som omkom i skred. Dette var samstundes med at det var flest husmenn i Noreg, bønder
som levde i utkantane av jordbruket. Dei dyrka jord og fjerna vegetasjon i område der det var rasfare, og løyste såleis ut
dødelege ras.
Attroing fører til ferre ras
Sånn sett kan det vere positivt at jordbruket gror att i fylket, om ein skal sjå reint isolert på rasfare, fortalde Kristensen
med eit lurt smil. Han oppmodar om å tenkje på skredfaren når ein planlegg nye bustadfeslt i hardt pressa, tettbygde strok. Som ein har sett
frå Bergen ved eit par høve kan det gå frykteleg gale om uhellet først er ute.

