| Fleire av medlemmene våre har etterlyst fotokurs. No har vi bestemt oss for å arrangere eit helgekurs i fototeknikk. Dette
gjer vi samstundes med vårseminaret vårt. Det er fotografane Olav Øygard og Arne Håberg som skal halde kurset. Dei har nett
arrangert eit liknande kurs for journalistane i Firda. Lær deg fototeknikk Dette er eit kurs for personar som brukar speilrefleks, men som ikkje har sett seg inn i det tekniske grunnlaget. Du får lære dei viktigaste grunninnstillingane, lære lysmåling, korrekt eksponering, bruk av iso-instilling, kvitbalanse og bruk av brennvidder. |
Vårseminaret 2007 - Sunnfjord hotell. |
Vårseminaret i Førde
Sidan fotokurset av praktiske årsaker må arrangerast i Førde, vert vårseminaret i år lagt til Sunnfjord hotell. Fotokurset
startar fredag, held fram laurdag føremiddag og vert avslutta søndag. Det vert lagt opp slik at du også får med deg heile
vårseminaret.
Journalistikken vår
Sjølve vårseminaret startar laurdag ca 13.00. Då skal vi diskutere oss sjølve, og kvaliteten på journalistikken i Sogn og
Fjordane. Vi kjem til å offentleggjere detaljane i programmet og namn på innleiarar i løpet av kort tid.
Aldenstipend og festmiddag
På festmiddagen om kvelden vert det mellom anna utdeling av Aldenstipenda 2007.
Påmelding er gratis for medlemmer i Sogn og Fjordane journalistlag. Har du spørsmål kan du sende ein epost til stian.sjursen@nrk.no eller ringe Sjursen på 95 06 09 74.
MELD DEG PÅ - TRYKK HER!


