"Vi er din kapital - vær så god betal!"
Dei lokale forhandlingane i NRK er igang. For NRKs Journalistlag er det eitt overordna krav ved dette oppgjeret: Solid lønsauke for alle medlemmar. Dersom vi skal unngå konflikt i vår treng vi eit feitt tillegg til alle.
For å oppnå dette hovudmålet er vi innstillt på å kome NRK i møte, i forholdet til forenklingar og forbetringar av lønssystemet.
NRK har vore gjennom ein slankekur. Godt over 400 årsverk er rasjonalisert bort til no. NRKJ har spela ei konstruktiv rolle i gjennomføringa av dette. I tillegg har vi som fagforening jobba aktivt for å bidra til at NRK får ei momsordning som betrar økonomien med nær 100 millionar kroner årleg. Desse krafttaka har ført til å NRK no framstår som ei økonomisk veldreven bedrift. Overskotet i 2001 var på omlag 8 millionar kroner.
Dette, saman med det faktum av NRK-journalistane har hatt ei begredeleg lønsutvikling dei siste åra, gjer at vi meiner å ha solid bakgrunn for våre krav. Målet er at forhandlingane skal være i mål innan fredag 26. april klokka 16.
Vårt motto er "Bernander: Vi er din kapital - vær så god betal!"
Knut Magnus Berge
Medlem Forhandlingsutvalet