Av Ketil Tjore
![]() |
– Det er bra at også andre jobba med Barneheimssaka, sjølv om NRK på eit sett også er ein konkurrent for oss, sa Marianne Røiseland frå BT då ho tok i mot prisen, ein sjekk og eit diplom med teikning laga av Gro Vik.
Saka fekk ein topp i år med framlegginga av den offentlege granskingsrapporten i juni. Dei to vinnarane delte førstepremiepotten, og fekk dermed 3500 kroner kvar.
– Eg må få takka alle som var med og laga våre program, sa Anne Magnussen. Magnussen har tidlegare vore tilsett i NRK, og gjennom fleire år har ho vist stort engasjement for Barneheimssaka, saka om dei mange gutane og jentene som i etterkrigstida vart mishandla under opphald på bergenske barneheimar.
LES JURYENS FULLSTENDIGE BEGRUNNELSER SAMT TALEN TIL VINNERNE HER.
Meir heider
Årets to sølvparaplyar gjekk til Eivind A. Pettersen (BA) for Taktekkarsaka, og til Tor Olav Mørseth (BT) for Tordenskioldsaka. - Juryen er suveren, sa jurymedlem Svein Brurås under tildelinga av årets prisar. Og heldt fram med å fortelja at juryen hadde strekt statuttane dette året og delt ut heidelerleg omtale til to kandidatar, denne gjekk til Finn Tokvam (NRK) for «Radio Røynda», og til fotograf Marita Aarekol (BT) for hennar bilete av
importbruder i Pattaya og i Hyllestad.
Første år
Gullparaplyen vart oppretta i 2002 som eit tiltak for å fremja god journalistikk mellom Bergen Journalistlags medlemmar. 100.000 kroner av BJ sin eigenkapital er sett av til dette føremålet, avkastninga av desse pengane skal saman med støtte frå NJ dekka tildelingane og utgiftene til prisen. Etter statuttane skal det kvart år delast ut ein Gullparaply og to sølvparaplyar, der den som går heilt til topps skal ha halvparten av prispengane og eit spesialteikna diplom, medan dei to sølv-vinnarane får kvar sin fjerdedel av prispengane. I årets jury var Svein Brurås (Høgskulen i Volda), Jan Frode Bordvik (VG) og Kari Amble (Stiftinga Egil Raftos hus).


