Fem fekk Alden-stipend

(27.10.03) I år var det heile åtte søkjarar til Aldenstipendet – verdige alle som ein. Styret hadde ein tøff jobb med å finne ut kven som skulle få stipend i år. Vi landa til slutt på fem av dei åtte innsende, basert på reint juornalistiske årsaker.

Vinnarane vi tilslutt enda på er følgande personar og prosjekt:

Mannfolk.

Gunnar Kleven i Sogn Avis får i år Aldenstipend for sitt arbeid med fotoutstillinga ”Mannfolk”. Denne utstillinga skal setjast opp i Vik kommune, og tek føre seg 30 mannfolk – usminka og fanga i linsa der og då. Kleven har allereie fått 15 sterke bilete, og vil no fullføre prosjektet. Opninga av utstillinga skal føregå ved Power Point, og skal stillast ut våren 2004. Til dette arbeidet får Gunnar Kleven 5000 kroner i Aldenstipend.

Hemmeleg.

Hilde Genberg i Firda får 5000 kroner i Aldenstipend til eit prosjekt som er hemmelegstempla fram til prosjektet vert presentert og publisert. Dette er det høve til i følgje vedtektene

Sri Lanka

Dag Frøyen i Firdaposten får i år Aldenstipend for å realisere ein draum om å få reise til Sri Lanka og lage reportasjar. Denne vesle øya har fascinert Frøyen heile livet, då ei jente som budde i nabolaget hans var adoptert derifrå. Etter kvart som Frøyen er blitt kjent med andre tamilar, har han fått eit ønske om å kunne reise til Sri Lanka for med eigne auge å sjå korleis familiane til nokre av ”Florø-tamilane” lever. Til dette arbeidet får Dag Frøyen 10.000 kroner i Aldenstipend.

Isle of Man

Randi Anne Lunde i Fjordabladet får i år Aldenstipend for å granske nærare ulike emne knytt til den spesielle øya Isle of Man. Ho vil mellom anna sjå på emne som arven frå vikingtida,   det opphavelege keltiske språket og på dei diverse lovene og reglane som set øya i ei særstilling på verdsbasis. Til dette arbeidet får Randi Anne Lunde 5000 kroner i Aldenstipend.

Rockhistorie i Årdal

Jan Egil Fimreite i Sogn Avis får i år Aldenstipend for sitt prosjekt med å kartlegge rockhistoria til Årdal og omegn. Dei stolte rocktradisjonane til sognebygda kan no verte festa på papiret, når Fimreite tek til med å samle saman ei historie som svært mange over heile landet allereie kjenner til. Dette er godt avisstoff, og det høver seg på trykk også i hefte og i bokform. Til dette arbeidet får Jan Egil Fimreite 10.000 kroner i Aldenstipend.

Vi gratulerer alle vinnarane!

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING