Finn din frilansmatch

(04.05.10) Nordisk seminar 3.-5. september:
Er du lei av å sitja aleine på di eiga tue kvar dag? Kunne du tenka deg å samarbeida med nordiske kollegaer eller kanskje starta eit produksjonsselskap saman med andre frilansarar her heime? Reis til Stockholm i september. Årets Nordiske seminar handlar om frilanssamarbeid.

Nordisk seminar vert vanlegvis arrangert i juni kvart år og går på rundgang i dei nordiske landa. I år er svenskane vertar og ynskjer velkomen til Stockholm 3.-5. september. Det nye seminartidspunktet er eit prøveprosjekt og vil bli evaluert i ettertid.

Speed dating for entreprenørar

Første seminardag blir det match making. Her får du sjanse til å finna din eller dine perfekte samarbeidspartnarar. Ved hjelp av eit detaljert påmeldingsskjema blir du para saman med frilansarar med same interesser som deg sjølv. Dei neste dagane blir det ulike workshops som tek for seg praktiske verktøy for samarbeid og samarbeid på avstand. Meir informasjon om seminaret finn du på www.nordicfreelance.com

Meld deg på i dag

Du kan alt no melda deg på seminaret ved å gå inn på www.nordicfreelance.com/registration/ Påmeldinga er open heilt fram til 1. august. Dersom du ikkje treng overnatting, kan du melda deg på fram til 23. august.

Søk reisestipend hjå FJ

Kast deg rundt og send ein søknad til FJs AU ved Silje Midttun. Her er det pengar å spara. FJ deler ut ti reisestipend á 3500 kroner til medlemmer som ynskjer å delta på Nordisk seminar i Stockholm. Søknaden sender du til silje.midttun@live.se innan 1. juni. Dei som får reisestipend vil få utbetalt pengane på bakgrunn av reiserekning og kvitteringar i etterkant.

 

Nordisk seminar 2010

* Tema: Frilanssamarbeid

* Tid: 3.-5. september

* Stad: Journalisthögskolan, Karlavägen, Stockholm

* Overnatting: Hotel Karlaplan

* Påmelding: frå 3. mai – 1. august

* Seminarprisar:

3500 SEK overnatting i enkeltrom

3000 SEK overnatting i delt dobbeltrom

4000 SEK overnatting aleine i dobbeltrom



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING