Firdajournalistar fekk presseprisen 2007

(21.10.07) Firda-journalistane Astrid Iren Solheim, Helge Johnsen og Svein Heggheim fekk presseprisen 2007. Prisen får dei for reportasjeserien om kritikkverdige tilhøve ved ambulansetenesta i Helse Førde. Hanne Stedje i Sogn Avis og Heidi Hattestein og Marit Bendz fekk hederleg omtale.

Her er juryen sine grunngjevingar:


I ein serie reportasjar om kritikkverdige forhold ved ambulansetenesta i Helse Førde. Avdekka avisa Firda ei rekkje klanderverdige forhold. Pasientar og pårørande fortalde sterke historier om korleis dei opplevde møtet med ambulansetenesta. Redaksjonen i Firda makta på ein god måte å sjå bak enkelthistoriene og  avdekka fleire kritikkverdige forhold. Til sist måtte Helse Førde inrømme at rutinene og tjenesta ikkje var god nok. Artiklane fekk også den konsekvens at Helse Førde måtte vedta nye retningsliner for ambulansetenesta.

Presseprisvinnarar Helge Johnsen, Astrid Iren Solheim og Svein Heggheim. foto:Arne Stubhaug i Firda.

Sogn og Fjordane Journalistlag sin pressepris for 2007 går til Firda-journalistane Astrid Iren Solheim, Helge Johnsen og Svein Heggheim. Prisen er 5000 kroner og ei teikning av vinnarane.

Hederlig omtale I:
Også journalistar som slit i sogn og fjordan kan løfte blikket. Reportasjen "tundraen har feber" som sto på trykk i Bergens tidende sitt magasin 11. august, er journalistikk av det grenselause slaget. To frilansjournalistar heimehøyrande i sogn og fjordanne, har med grundig journalistisk arbeid og slåande dokumentasjon gitt oss ny kunnskap og formidla sterke inntrykk om klimaendringane. Dei har vist at det som skjer langt unna, også har konsekvensar for Sogn og Fjordane. God bruk av feature og harde fakta, har gjeve lesaren sterke inntrykk og levande møte med menneske. Reportasjen var i forkant av mange og denne reportasjen var den første større reportasjen som sette tining av permafrosten på dagsorden.

Hederleg omtale går til Heidi Hattestein og Marit Bendz.

Hederlig omtale II:

Tidleg i Juli vart Charlotte Moene frå Årdal meldt sakna. Saka om den unge jenta som forsvant sporlaust fekk stor medieomtale i heile landet. Sogn Avis var frå dag ein og i vekene som kom svært tett på saka. Den dramatiske hendinga prega lokalsamfunnet, men det hindra ikkje lokalavisa å gjere jobben sin. Over ein lengre periode var det nettopp Sogn Avis som var først med det siste rundt den dramatiske hendinga.  Gjennom godt journalistisk arbeid, lokalkunnskap, teft og klok omgang med menneske i ein vanskeleg situasjon, viste lokalavisa alle dei andre mediene vegen.

Hederleg omtale går til Hanne Stedje, journalist i Sogn Avis.

Jury:
Bjørnar Solheim, Anne Mette Hjelle og Solveig Barstad.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING