Forhandlingstips på tillitsrådet

Lokale forhandlingar blir hovudtema under tillitsrådet til Sogn og Fjordane journlaistlag i Balestrand 18.april. Hilde Tretterud i NJ sitt sekretæriat vil delta på tillitsrådet.

Rett etter tillitsrådet og vårseminaret skal dei fleste klubbane i gang med lokale forhandlingar.

Aukande lønsskilnader
Journalistane i lokalavisene i Sogn og Fjordane ligg langt etter sine kollegaer i til dømes Oslo. Det syner statistikk som klubbleiar i Firda Svein Heggheim har sett på. Skilnaden er også aukande. Korleis skal ein bruke statistikken i dei lokale forhandlingane? Korleis lukkast ein med lokale forhandlingar? Kva kan NJ sentralt hjelpe med i dei lokale forhandlingane?

Tretterud i NJ blir med
Vi håpar å gi svar på spørsmål og gi meir kunnskap om lokale forhandlingar under tillitsrådet. Til å hjelpe oss får vi med oss Hilde Tretterud i NJ sitt sekretæriat. Ho vil også informere oss om framgangen i dei sentrale forhandlingane som er i startgropa denne dagen. Det vil også bli andre tema under tillitsrådet.


PROGRAM Tillitsråd
(Styret møter kl 1200)
15.00 Velkomst tillitsråd i SFJ m/kaffi og kaker
15.05 Lokale forhandlingar m/ Hilde Tretterud
17.30 Båttur på fjorden med middag.
20.00 Styret har Aldenmøte


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING