Fortsatt mulig å melde seg på kurs

(20.10.04) For første gong har BJ fått Institutt for Journalistikk til å kome til Bergen. Det unike samarbeidet gir eit svært rimeleg kurs i offentligheit den 5. og 6. november. Aller, aller siste frist for påmelding går ut helga 30. og 31. oktober.

Kva har me krav på å få vita? Kva dokument kan me få utlevert? Når i saksgangen er ei sak offentleg? Kva kan haldast hemmeleg?

Arne Jensen har skrive fleire bøker om dette emnet. Første helga i november kjem han til Bergen for å kursa oss journalistar, med utgangspunkt i boka hans «Den lille boken om offentlighet».

- Det er fortsatt ledige plasser på kurset, seier styremedlemmene Ketil Tjore (Strilen) og Nils Kvamsdal (Hordaland).  Dei har arbeid med kursopplegget sidan før sommaren.  Målet er at redaktørar i små redaksjonar også skal ha råd til å sende sine tilsette på kurs.

Kurset vert arrangert på Hotel Augustin i Bergen frå fredag 5. november til laurdag 6. november. Kurset startar fredag føremiddag og vert avslutta med lunsj laurdag. Kurset kostar om lag 2.250 kroner, dette inkluderer mat og opphald på Hotel Augustin, og eit eksemplar av «Den lille boken om offentlighet».

SNAKK MED SJEFEN DIN I DAG!! INVESTERER HO I KURSET ER HO GARANTERT EIN BETRE MOTIVERT OG MEIR KOMPETENT JOURNALIST I RETUR!

Påmelding til psm://magni@lla.no

Kurset vert arrangert av Bergen Journalistlag og Landslaget for Lokalaviser, og med støtte av Norsk Journalistlag og Institutt for Journalistikk.

For meir info, ring Ketil Tjore på telefon 92 20 99 16

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING