Vinnar av årets fotopris i Sogn og Fjordane Journalistlag er May Britt Eide i Ytre Sogn Avis. Eide får prisen for biletet ”Isbadarar i Sognefjorden” som ho tok medan ho jobba i Firda. Prisen vart delt ut på journalistlaget si samling på Frønningen i helga.
Journalist Eide fatta interesse for saka då ho høyrde at ein del elevar hadde valt isbading i samband med eit skuleprosjekt der formålet var å auke fysisk aktivitet blant barn og unge. Reint praktisk var det lite tid til sjølve fotograferinga, for elevane kom seg veldig kjapt opp av vatnet. Journalisten rakk å tenkje at det var viktig å få med både dei snødekte fjella i bakgrunnen og ansiktsuttrykka til elevane, men erkjenner at ho var litt usikker på kva bilete ho kom attende til kontoret med. Med stive fingrar fotograferte ho så mykje ho kunne i den rette augneblinken.
- Eg hadde flaks, meiner journalisten sjølv. Men slik er det med lokaljournalistane. Dei er over alt til alle tider, og då kjem ein ofte over motiv som ingen andre. Journalistisk teft er dermed ikkje flaks!
![]() |
Juryen bestod i år av Olav Øygard (tidl. Firda), Rune Sævig (BT) og Arild Nybø (tidl. NRK), og desse var samrøystes i at
årets vinnar er verdig prisen.


