Framlegg til vedtekter for Haugesund Journalistlag.
§ 1
Haugesund Journalistlag er lokalavdeling av Norsk Journalistlag. Føremålet er å ivareta medlemene sine økonomiske, faglege og idelle interesser, og fremja gode kollegiale forhold i laget. Laget har ansvar for at det vert oppretta redaksjonsklubbar og at det er aktivitet i klubbane. Vidare skal laget sjå til at NJ sine lover og lønsavtalar vert følgde, hjelpa dei tillitsvalde i fagleg arbeid, arrangera møte og anna verksemd som fell inn under NJ sitt føremål.
§ 2
Alle som er medlemer i NJ og har arbeidsstaden sin i Haugesund Journalistlag sitt geografiske område er automatisk medlemer i lokallaget.
Frilansmedlemer,som bur i lokallaget sitt område skal innkallast til møte.
Fast tilsette NJ-medlemer, som blir oppsagde frå sin redaksjon, held fram som medlemer til medlemen sjølv melder overflytting.
Sjukemelde medlemer på attføring og pensjonistar opprettheld medlemskapet dersom dei går ut av yrket.
§ 3
Utgifter til drift av laget blir dekte av tilskot frå NJ sentralt, i samsvar med lovene for NJ.
§ 4
Medlemene har plikt til å gi lagsstyret alle opplysningar om løns- og arbeidsforhold som laget ber om. Desse opplysningane skal styret behandla konfidensielt.
§ 5
Laget vert leia av eit styre på fem medlemer med tre vararepresentantar.
Leiaren vert vald for eitt år om gongen, og ved særskildt val. Dei andre styremedlemene vert valde for to år om gongen. Men ved første gongs val skal sekretær og eitt styremedlem veljast for eitt år.
Styret vel blant sine medlemer nestleiar, sekretær, kasserar og sekretær for faglege spørsmål. Styret er vedtaksført når minst tre medlemer er til stades. Styret er ansvarleg for at alle vedtak i laget sine organ vert protokollerte og sette i verk.
Styret i lokallaget kan, når det finn det nødvendig, kalla inn til styremøte eller ekstraordinært årsmøte i redaksjonsklubbane.
§ 6
Det faglege arbeidet skal drivast via tillitsråd eller konferanse for tillitsvalde og/eller medlemene. I tillitsrådet er klubbleiarane eller dei klubbane peikar ut, medlemer.
Tillitsvalde eller medlemer i alle redaksjonsklubbar i lokallaget sitt distrikt skal inviterast. Inviterast skal og den lokale kontaktpersonen for medlemmene i NJ’s Frilansklubb.
Fagleg sektretær har ansvar for innkalling til tillitsråd eller konferanse, som skal haldast minst to gonger i året.
Fagleg sekretær har ansvar for at det vert henta inn lokal lønsstatistikk og fagleg oversyn ein gong årleg. Styret kan i arbeidet rådføra seg med tillitsrådet i større saker. Styremedlemene bør delta på møta i tillitsrådet.
§ 7
Årsmøtet er høgaste makt i laget og skal haldast innan utgangen av oktober.
Alle medlemene kan delta på årsmøtet i lokallaget. Innkallinga skal sendast ut minst fire veker før møtet. Frilansarar som er medlem i NJ skal kallast inn og dei har møte- og forslagsrett. Frilansarar har ikkje røysterett og kan dermed ikkje veljast til verv i lokallaget.
Forslag til årsmøtet skal vera sendt styret seinast to veker før årsmøtet.
Styret legg fram for årsmøtet årsmelding og revidert rekneskap.
Årsmøtet skal velja
leiar
styre med to vararepresentantar
to revisorar
utsendingar til landsmøtet i NJ og
eventuelle komitear og utval.
Valkomiteen legg fram forslag til kandidatar.
Årsmøtet kjem med forslag til medlemer og vel valkomite.
Styret kan kalla inn til ekstraordinært årsmøte med same varslingsfrist som for vanleg årsmøte. Innkalling skjer etter vedtak i styret, eller ved at minst fjerdeparten av medlemmene ber om det, eller eit fleirtal av medlemene i tillitsrådet ber om det. På det ekstraordinære årsmøtet skal berre den eller dei sakene som er nemnde i innkallinga førehavast.
§ 8
Minst fjerdeparten av medlemene i laget kan anka eit vedtak i styret, på medlemsmøte eller årsmøte inn for landsstyret eller første landsmøte.
§ 9
Styret kan overfor landsmøtet føreslå at medlemer vert strokne eller ekskluderte, i samsvar med NJ sine lover.
§ 10
Dersom Haugesund Journalistlag skulle verta oppløyst eller arbeidet i laget opphøyrer på annan måte, skal laget sine pengemidlar og utstyr forvaltast av NJ sitt landsstyre, inntil arbeidet laget er kome i gang att. Oppløysing kan berre vedtakast ved uravrøysting blant medlemmene og det krevst minst
3/4 fleirtal blant dei som har røysterett.
§ 11
Endringar i desse vedtektene kan berre vedtakast på ordinært årsmøte, og då med minst 2/3 fleirtal blant dei som møter. Forslag til endringar må vera sendt medlemene minst fire veker før møtet.
Vedtektene i laget må ikkje vera i strid med NJ sine lover. Endringar skal godkjennast av NJ. Dersom det oppstår tvil om tolkinga av desse vedtektene i høve til NJ sine lover, skal NJ sine lover leggjast til grunn.
§ 12
Desse vedtektene er vedtekne på årsmøte i Haugesund Journalistlag den 27. oktober 2005 og gjeld frå denne dato.
Framlegget er vedteke i Styret i Hgsd Journalistlag 21. september 2005
Før sommarferien nedsette HJ-styret eit ad-hoc-utval som laga framlegg til nye vedtekter. Dette utvalet, det såkalla Folgefonn-utvalet var samansett slik: Sjur Tjelmeland, Kvinnherigen, Ivar Våge, Grenda og Johannes Sekse Hardanger Folkeblad.

