PFU meiner avisa Firda ikkje har brote presseetiske reglar i samband med kjøp og bruk av namnet Firdaligaen, namnet til 3.-divisjon fotball i Sogn og Fjordane.
Men Pressens faglege utval (PFU) vedgår at dagens tekstreklameplakat, som journalistar skal rette seg etter, er for streng, og opplyser at ein ny, meir liberal versjon ligg klar og skal innførast.
Viktig avklaring
– Ei viktig avklaring, seier leiar Jon H. Sørland.
– No får vi ein tekstreklameplakat som er meir i samsvar med praksis. Men samtidig vert det ei utfordring for journalistane og redaktørar å navigere mellom alle sponsorane som ønskjer å bruke dei til fordel for eiga vinning, seier Sørland.
PFU viser til at dagens praksis med bruk av sponsornamn er svært utbreidd, og at det i realiteten er uråd å stogge denne utviklinga.
Det var Sogn og Fjordane Journalistlag som klaga Firdaligaen inn for PFU.

