Elin Solvang gjekk samanhengande i vikariat i Dagsnytt, men blei gravid og gjekk ut i svangerskapspermisjon i vinter. NRK
ville ikkje forlenge vikariatet hennar då, noko som hadde vore vanlig praksis i tilsvarande tilfelle tidligare.
Dagsnytt-klubben hevda det hadde vore jobb til Elin om ho ikkje hadde gått ut i svangerskapspermisjon. NRK-leiinga nekta. NJ tok då saka og klaga den inn for Likestillingsombodet og meinte det var brot på lova.
No har ombodet konkludert: "...det var urimelig av NRK å forskjellsbehandle Solvang ved å ikke forlenge hennes vikariat".
Ombodet seier NRK har brote Likestillingslova, paragraf 4, andre ledd, jmf paragraf 3.
Likestillingsombodet har ikkje heimel til å pålegge NRK å betale erstatning, men oppfordrar NRK til å "betale økonomisk kompensasjon for det lovbruddet hun er blitt utsatt for".
NRK kan klage vedtaket inn for Klagenemnda for likestilling innan tre veker.
Aftenposten skreiv om saka i mai.