Genberg inn som vara

(29.04.05) Hilde Genberg (Firda) vart torsdag vald inn som 6. varamedlem til landsstyret.

Ho var frå valkomiteen innstilt på 7. plass, men vart løfta ein plass på benkeforslag. Sogn og Fjordane fekk nok ein gong stadfesta at me som eit lite lokalllag har liten gjennomslagskraft.

Ser me litt framover i tid, burde det likevel vera gode sjansar til å byggja Hilde Genberg til å bli ein sterk landsstyrekandidat.

Under lnndsmøte stod «midlertidig-saka» sentralt. Det vart og gjort vedtak om å utvikla ein ny studentpolitikk i den komande perioden. Les meir om landsmøte på journalisten.no.

NJ sitt nye landsstyre.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING