Grill og streikeførebuing i Førde

(10.05.06) Onsdag inviterte NRKJ i Sogn og Fjordane medlemmene sine på grillmiddag og informasjon om forhandlingsbrotet med NRK. Nestleiar i NRKJ Pål Hansen og Ragnhild Eikenes i forhandlingsutvalet seier faren for streik er overhengande.

Kampklare
Omlag 15 NJ-medlemmer ved NRK Sogn og Fjordane var innom den vakre hagen ved kontoret i Førde. Veret var perfekt og streikekomiteen serverte grillmat til kampklare NJ-medlemmer.

Fare for streik
Både nestleiar i NRKJ Pål Hansen og Ragnhild Eikenes i forhandlingsutvalet deltok på møtet. Mellom salat og pølser fekk medlemmene vite alt om forhandlingane og streikefaren. I følge dei to er streikefaren overhengande.
Frist 30.mai
-Det er viktig at vi no førebur oss, som om det blir streik. Det seier Ragnhild Eikenes som til dagleg er tilsett som vaktsjef og journalist ved NRK Sogn og Fjordane. Eikenes har dei siste vekene delteke i  forhandlingane mellom NRKJ og NRKJ i Oslo. Ho kjem også til å delta på møta hjå riksmeklingsmannen. NRKJ har fått mekling frå 29.-30.mai. Fristen for å bli samde er 30.mai klokka 24.00.

Førebur streik
Vert ikkje NRKJ og NRK einige om ein ny avtale innan fristen, vert det streik i NRK. Ved kontoret i Sogn og Fjordane er streikekomiteen no i full gang med førebuingane til ein eventuell streik.

 

Les NJ si sak om møtet i Førde: http://www.nj.no/nrkj/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=4844


Du kan følge oppgjeret i NRK på www.nj.no/nrkj


Streikeklare journalistar ved NRK Sogn og Fjordane.
Idium webpubliseringWEBPUBLISERING