Grunnfjellet har takka av

(04.11.05) Ingen hugsar det heilt sikkert. Men Berit Rekaa sjølv trur det blei 10 år i NRKJ-styret.

Berit takka av under årsmøtet på Hurdalsjøen i slutten av oktober. Dermed må vi klare oss utan Grunnfjellet.

Berit Rekaa har vore faglig engasjert heilt sidan NRKJ blei skipa på Hell i 1988. Ho har hatt eit ukjent antal verv og posisjonar gjennom åra. I tillegg til styrevervet dei 10 siste åra blir ho hugsa som medlem i valkomiteen, som klubbleiar i Dagsnytt og som medlem i forhandlingsutvalet i fleire år.

Berit er ikkje så høg. Og det er kanskje grunnen til at ho har stått støtt uansett kor mykje vinden har rive i organisasjonen vår eller rundt ho sjølv. Vinden får ikkje tak i Berit. Ho er solid, står støtt og er lojal. Og ho er raus. Ein god kollega og ein god tillitsvald.

Det var først for to år sidan at ho fekk kallenamnet ditt. Det blei fremma benkeforslag mot Berit under valet. Eit medlem av valkomiteen gjekk på talarstolen og forsvarte innstillinga og Berit. Eg trur representanten til og med var personlig indignert over at nokon kunne tenke tanken på å sparke ut Berit. Spontant rann det ut av han: ”Vi kan ikkje kaste Berit, ho er jo sjølve grunnfjellet i organisasjonen vår!” Berit blei vald med god margin og sidan den dagen blei ho kalla Grunnfjellet.

Ho er ikkje høg, men ho ruvar. Når NRKJ-historia skal samlast mellom to permar, kjem Berit til å bli via eit eige kapittel. Kapittelet får sjølvsagt tittel ”Grunnfjellet”. Og kanskje får ho stå på sokkelen saman med tidligare leiar Sigmund Raanes?

Kjære Berit; Du har gjort mykje for kollegaene dine i bedrifta vi er tilsette i, og du har gjort mykje for NRKJ. Tusen takk for jobben og innsatsen!

Leif-Kjartan Bjørsvik
Leiar NRKJ

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING