HJ på landsmøte

(29.04.07) HJ's vesle delegasjon til NJ's landsmøte markerte seg ved å setja framlegg til tiltaksplanen som blei vedtatt. Her er leiar Thomas Førde og nestleiar Rosa Iren Villalobos i ferd med å utforma eit framlegg til landsmøtet.

I NJ's nye tiltaksplan, som skal gjelda for to år framover, blei det mellom anna vedteke at NJ skal stilla meir ressursar til rådvelde overfor små klubbar slik at dei  mindre klubbane kan bli betre  førebudde til lokale lønnsforhandlingar.

    Dette framlegget blei reist av HJ sine to utsendingar, som var nestleiar Rosa Iren Villalobos og leiar Thomas Førde. Framlegget frå HJ blei vedteke med same ordlyd som HJ-utsendingane gjorde framlegg om.

   Utfordringane i små redaksjonar var meir i fokus under dette landsmøte enn nokon gong tidlegare. Eit særskilt utval, som blei nedsett i vinter mellom lokallagsleiarane, hadde gjort ein framifrå jobb med å kartleggja den faglege stoda i små redaksjonar. Fleire punkt i den nye tiltaksplanen kom difor til å handla om den framtidige innsatsen i små redaksjonar. 

   Dette må alle klubbleiarane i HJ merka seg søkja hjelp frå HJ-styret og frå NJ.

  Eit av høgdepunkta under landsmøte var dessutan intervjuet med Edda Media-eigaren, Montgomrey. "Monty" uttalte melleom anna at journalistane i avisene hans bør bli meir marknadstilpassa. "Every journalist is a salesman", sa Monty. Pågåande omorganisering og nedbemanning i Edda kalla Monty for "a refreshment" of the staff. Han slo også fast at han var komen for å bli i Norge.

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING