Fråsegn frå styret i Haugesund Journalistlag i høve revisjon av Vær Varsom Plakaten.
Kommentar til paragraf 4.17. om redaksjonell vurdering av digitale meiningsutvekslingar før publisering:
Når det gjeld atterhaldet i revisjonskomiteen sitt forslag ”der hvor dette er teknisk mulig”, er det etter styret i Haugesund Journalistlag si meining eit tåkeleggjande premiss.
Stort sett er det berre pengar som er avgrensinga på kva som er teknisk mogeleg. Særleg når det er snakk om overvaking og førehandssensur av debattar. Chat og tilsvarande meiningsutvekslingar i sann tid er i same kategori som direktesendingar i kringkasting, slik revisjonsgruppa påpeikar. Skilnaden mellom desse og andre digitale meiningsutvekslingar er minimal. Ein kan hevda at chat og direktesending i sann tid er flyktige, men opptak gjer at dette ikkje er heilt rett. Chat og direktesendingar føregår direkte, og det same kan hevdast når det gjeld internett. Dersom innlegga ikkje blir førehandssensurerte, vil dei koma direkte på skjermen, på same måte som i chat.
Etter styret i Haugesund Journalistlag sitt syn, er det viktig for den offentlege debatten at den er mest mogleg open. Redaktørplakten seier at redaktøren ”skal ivareta ytringsfriheten” og sikra ”en sakling og fri informasjons- og opinionsformidling”. Redaktørplakaten seier vidare: ”Den ansvarshavende redaktør har det personlige og fulle ansvar for avisens innhold”. Fjernsynsredaktørane nyttar seg av denne retten til å senda fleire direktesendingar dagleg. Etter vårt syn skal dette også kunne gjelda dei som er ansvarlege for innhaldet på nettavisene sine diskusjonsfora.
Vårt forslag til paragraf 4.17:
Digitale meningsutvekslinger er underlagt samme redaktøransvar som annen debatt. Digitale debatter må overvåkes fortløpende for å sikre en saklig og fri informasjons- og opinionsformidling.
Kommentar til paragraf 4.7 om Identifikasjon:
Styret i Hgsd Journalistlag ottast ei utvikling som ber preg av meir medvitslaus praktisering av identifisering. Me er i imot ein monaleg meir liberal praksis på dette feltet. Innføringa av nemninga ”klanderverdig oppførsel” i det nye framlegget, kan invitera til auka bruk av indentifisering også av personar som ikkje har gjort noko straffbart.
Kommentar til paragraf 4.9 Selvmord.
Her sluttar styret i Hgsd Journalistlag seg til ordlyden i framlegget til ny tekst.
Styret i Hgsd Journalistlag
17.okt. 2005
Thomas Førde
styreleiar

