Hallo, folkens!
Det var faktisk 18. oktober 2003 som var datoen til årsmøte og fagseminar, ikkje 2006. No går fristen ut for påmelding, og
vi snakkar ikkje om noko rekordpåmelding enno. Men, men. Det kjem vel. Kven vil vel ikkje ha ein gratisfest på Knutholmen?
GRATISFEST?? Var det GRATISFEST du sa, ljoma det frå NRK-klubben, og påmeldingane var underteikna før pennen traff papiret.
Og så var det
Aldenstipendet
. Er det ingen visjonar, idear eller fantasiar der ute? Jo, vi har fått søknader, men det må då vere fleire der ute som kunne
tenke seg litt peng til å lage noko spenstig? Vel, vel. Vi kan godt site og ruge på pengane. Ja, eller kanskje ta eit styreseminar
ein plass i staden for, slik at pengane vert nytta til noko fornuftig. På ei strand under Middelhavets røde sol. Jo, der har
du alternativet.
Fagseminaret
, ja. Jo, det blir knallbra, folkens. Kjell Opseth kjem. Han vil grille journalistane. Politietaten kjem (her er alt stille
og roleg-etaten). Norsk Presseforbund (vi har Ballalaika-orkester ombord). Fellesorganisasjonen ved Rita Tonning, de veit,
dei med barnevern og sånn. Ja, for ikkje å snakke om dei vi ikkje har nemt. Knall. 18. oktober skjer det på Knutholmen. (2003)
Årsmøtet
. De har vel ikkje gløymt årsmøtet? Journalistlagets sitt høgste organ. Regionen si fjerde fylkesmakt nest etter Stryn lensmannskontor,
tingretten i Høyanger og Nils R. Her blir det litt av kvart som skjer. Mellom anna skal vi diskutere vedtekter, det blir spanande
val av styreverv og kva som helst kan skje under Eventuelt! 18. oktober også dette.
Frist
for påmelding til fagseminar/årsmøte, innsending av saker og søknad om aldenstipend: 1. oktober!!!! Ja, du ser rett, Hans,
det er i dag det (om du les e-posten på jobb onsdag, då).
MVA
Geir Arne Solheim, innpiskar

