Vi veit at det er mange journalistar der ute som føler at det vert for lite høve til gravande journalistikk i jobben. Årbok-stipendet(tidlegare Aldenstipendet) kan gje deg høve til frikjøp frå jobben slik at du kan gå eit tema nærare etter i saumane. Elles er det sjølvsagt lov å søkje på alle typar prosjekt som fell innafor vedtektene til stipendet.
Eit ope stipend
Det vert i utgangspunktet delt ut fem stipend. Hovudregelen er at dei som leverer bidrag til den nyaste Årboka for Sogn og
Fjordane kan søkje på stipend. Eit av stipenda er ope for alle medlemmer av Sogn og Fjordane Journalistlag. Det betyr at dersom
juryen finn ein søknad på ”ope stipend” god nok, kan det delast ut eit stipend til ein ikkje-bidragsytar.
Hugs å merke søknaden din dersom du ikkje er bidragsytar med at du søkjer på ”ope stipend”.
Søknadsfristen er 20. februar.
Send søknaden til
Astrid Iren Solheim
Sekretær SFJ
astrid.solheim@firda.no

