Hauststormen 2008 i startgropa

(12.07.07) I september 2008 går journalistkonferansen Hauststormen igjen av stabelen. Truleg vert det også denne gongen på Voss.

Det avtroppande styret i Hauststormen 2006 har gjort ferdig sitt arbeid og overlevert evalueringsrapporten til det nye styret, som berre så smått har kome i gang med planlegginga av neste konferanse.

 

Suksess

Hauststormen 2006 var på mange måtar ein suksess. Fleire frå Møre og Romsdal journalistlag tok turen til Voss for å få fagleg påfyll og treffe hyggelege kollegaer i andre mediebedrifter. Etter konferansen vart det sendt ut eit evalueringsskjema til deltakarane. Responsen på dette var svært god og fleire kom med gode innspel om kva som kan verte betre. Desse innspela tek det nye styret tek med seg fram mot neste konferanse som vert i 2008.

 

Opnar for Stavanger

Det avtroppande styret opnar også for å utvide konferansen også til å gjelde Stavanger journalistlag. Konferansen vil i så tilfelle dekke heile Vestlandet frå Stavanger til Trondheim og har dermed potensiale til å vokse utover dei 150 deltakarane som var med sist.

 

Debatt om MRJ

Møre og Romsdal var med for første gong i fjor. På årsmøtet til Møre og Romsdal journalistlag var det litt delte meiningar om dette var den beste måten å bruke lokallaget sine midlar på. Som følgje av at MRJ var medarrangør på Hauststormen vart det tildelt mindre midlar til årsmøtet i lokallaget.

 

Det vart difor ein diskusjon på årsmøtet om kva som er mest teneleg for lokallaget. Årsmøtet konkluderte likevel ikkje, men oppmoda det nye fylkesstyret å legge føringar for strategien vidare. Har du tankar/meiningar om dette? I så tilfelle er styret takksame for innspel. Dette sendast på e-post til b-skarbo@online.no.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING