Hauststormen flyttar til Voss

(13.02.06) I haust er det klart for det som truleg blir den største journalistkonferansen på Vestlandet nokon sinne. Dette blir fjerde gongen Hauststormen vert arrangert. Tidlegare er konferansen arrangert i Bergen, men i år er Hauststormen flytta til Park hotell på Voss. Tidspunktet blir 29.september-1.oktober.

 

Største Hauststorm nokon sinne
Journalistkonferansen Hauststormen, som vert arrangert på Voss i september, blir truleg den største nokon sinne. I 2004 hadde Hauststormen nærare 130 deltakarar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Haugesund.

Møringar og redaktørar
I år inviterer vi også journalistane i Møre og Romsdal samt redaktørane til Hauststormen. Difor reknar vi med enno fleire deltakarar i år. Det seier leiar for konferansen Jon Sørland(biletet). Det er sett av plass til 150 journalistar, og påmeldinga startar i mars.


Leiar for Hauststormen 2006 Jon Sørland.




Hovudkomiteen for Hauststormen 2006.
Dette er komiteen:
Jon Sørland er leiar for Hauststormen 2006. Han er leiar for journalistlaget i Sogn og Fjordane og journalist i lokalavisa Firdaposten i Florø. Nestleiar er Renate Nedregård som er utanriksreporter i TV2, ho er også styremedlem i Bergen journalistlag. Odd Kristian Dahle er økonomisjef for journalistkonferansen. Han er vaktsjef og reporter i NRK Møre og Romsdal og styremedlem i journalistlaget i Møre og Romsdal. Olav Kobbeltveit er leiar av Vestafjelske redaktørforening og representerer redaktørane i komiteen.

Lars Erik Klafstad i TV2 blir underhaldningssjef. Han er redigerar i nyeheitsredaksjonen nett no. Utan å røpe noko, lovar han ein Hauststormaften du ikkje har opplevd tidlegare. Dette kan du glede deg til. Geir Rommetveit og Ingrid Langeland Jensen har delt ansvaret for programgruppa for Hauststormen. Begge er riksreportarar ved NRK i Bergen.

Ragnhild Dårflot Olsen er hotell, booking og sekreteriat-sjef. Ho sit i styret for Bergen journalistlag, og jobbar ved avisa Hordaland på Voss. Thomas Førde representerer journalistlaget i Haugesund der han er leiar. Anders Hereid i TV2 er teknisk sjef for Hauststormen. Stian Sjursen frå NRK Sogn og Fjordane er PR-sjef. Han er også nestleiar for journalistlaget i Sogn og Fjordane.



Påmelding, informasjon om programmet får du på nettsidene til Hauststormen som opnar i slutten av april.
www.hauststormen.com

 


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING