Styret for Hauststormen er no i ferd med å finne rett formasjon, og det er all grunn til å gle seg!
I år vert truleg konferansen vår enda større enn før, all den stund at landsstyret i NJ har bestemt at også heile Møre og Romsdal no er ein fast del av Hauststormen. Dette er og noko av bakgrunnen for at konferansen er flytta til Bergen og nærare bestemt eit hotell nær Flesland.
Tema for konferansen er naturleg nok ikkje fastlagt, men Hauststormen-styret legg opp til ein konferanse av svært høg fagleg kvalitet også denne gongen. I tillegg til at det sjølvsagt og skal vere ein viktig sosial treffstad for journalistar og redaktørar frå Haugalandet i sør til Romsdal i nord.
Stian Sjursen Takle har takka ja til å vera sjef for Hauststormen, etter at Johannes Morland ba om ein pause. Stian har vore sterkt involvert i Hauststormen også tidlegare, og gler seg til å ta fatt på jobben med å byggje opp det som skal bli fagre haustdagar i Bergen.
Vi kjem attende med meir informasjon etterkvart, men noter deg datoaen alt no: 2. - 4. november!
Om du har innspel til Haustorm-sjefen, så er mailen hans: stian.sjursen.takle@nrk.no

