![]() |
Heidi Fagna (26) har jobba i NRK Sogn og Fjordane sidan januar 2006. Ho er programleiar for dei ulike sendingane på radio, og jobbar stundom også som reporter og nyheitsopplesar. Ein sjeldan gong er ho også å finna i internettavdelinga.
Heidi er utdanna radiojournalist ved Høgskulen i Volda, og har også eit grunnfag i pedagogikk. I løpet av Volda-tida var ho sjef i Studentradioen, og involvert i eit forskingsprosjekt om nettradio. Ho kompenserer for manglande organisasjonserfaring med eit 15 studiepoengs kurs for tillitsvalde – og massevis av lærevilje og pågangsmot.
![]() |
Heidi har skrive ein del frilans for lokalavisene Strilen og Harstad Tidende. Elles har ho jobba i bakeri, på bensinstasjon, på Norsk Gallup Institutt, på gamleheim og i turistnæringa på Nordkapp. Ho har gjennom utdanninga vore innom NRK Her og nå og Petre-nyheter.
Heidi tek over etter Roy Rassholm Fauske som har vore klubbleiar i to år. Med seg i styret for redaksjonsklubben NRKJ Sogn og Fjordane har Heidi: Hege Holm, Trude Bakke, Roy Raasholm Fauske og Stein Aase. Vararepresentantar er Brit Jorunn Svanes, Synnøve Aasland og Terje Gilleshammer.
Redaksjonsklubben i Sogn og Fjordane har 32 medlemmer.



