Helse Førde bryt offentlegheitslova

(29.04.04) Den offentlege postjournalen til Helse Førde inneheld berre inngåande dokument. Det kom fram då Helsedepartementet handsama ei klage frå NRK Sogn og Fjordane.

Departementet er overraska over at eit helseføretak bryt arkivlova sitt hovudprinsipp om å føre journal for både inn- og utgåande post.

Nytt system

Helse Førde har varsla at dei jobbar med eit nytt system som skal syte for at dette kjem i orden. Departementet har gitt beskjed om at helseføretaket ikkje kan vente så lenge, og at dei må få orden på sakene så snart som mogeleg.

Medhald i hemmeleghald

Helsedepartementet gir Helse Førde medhald i å unnta namna til tre av søkjarane til stillinga som administrerande direktør frå offentlegheit. Departementet meiner at forhold som gjeld stillingar dei tre har i dag veg tyngre enn behovet for innsyn.

Det var NRK Sogn og Fjordane som hadde klaga på denne praksisen. I brevet frå departementet går det også fram at fire av søkjarane i utgangspunktet ville halde namna hemmelege, men at Helse Førde kom til at den fjerde ikkje hadde gode nok grunnar til det.
 
NRK Sogn og Fjordane


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING