Det daglige arbeidet i NRKJ blir utført av leiar, nestleiar og organisasjonssekretær. Dei tre jobbar på heiltid i Brakka på Marienlyst. I tillegg har NRKJ eit styre på sju kvinner og menn.
Klubbarbeid tar tid. Det må byggast stein på stein. Ofte ser ein ikkje resultat før etter lang tid. Og det kan vere vanskelig å sjå at fagforeininga gjer noko som helst. Mange av sakene vi jobbar med vedkjem enkeltpersonar og det er såleis ikkje naturlig å snakke om kva vi har gjort og vise fram resultatet.
Men mange saker kan vi vise fram. Nedanfor har vi lista opp nokre av dei resultata styret og den daglige leiinga har oppnådd sidan forrige årsmøte.
- L
Vikariat blei avslutta. NJ stevna NRK for retten fordi vi meinte vikaren hadde krav på fast tilsetting. Saka forlikt før rettsbehandling. Løysinga i tråd med ønskje frå vikaren.
- Partsamansett utval med retningslinjer for vikarbruk/rekrutteringspolitikk
Resultat av vikarsaka i Bergen.
- Retningslinjer for lønnssamtale og tilkallingslønn
Uklar tekst i avtalen etter oppgjeret i 04. Fekk leiinga med på felles tolking og retningslinjer som gjer det enklare å presisere avtaleteksten. Tok lang tid, men godt resultat.
- Vi har sett likestilling på dagsorden i NRK igjen!
Tatt opp tilhøva for gravide vikarar. Også fått dette inn i NJ sin tiltaksplan for 2005-2007. Dessutan hjelp til enkeltpersonar.
- Forlik i Arbeidsretten ang. etterbetaling Tyholt
Lang usemje om kompensasjon for gjennomsnittsrekning av turnus på distriktskontoret.
- Siger i Arbeidsretten ang. opphavsrett!
Første rettsak mellom NJ og NRK. Uavklart sak frå 2002.
- Eit godt lønnsoppgjer
10.500 kroner til alle. Ramme på 13.722 kroner.
- Lagt til rette for og oppfordra til debatt rundt lønnssystemet
Kartlegging og debatthefte.
- Fjerna overtalligheitsstempel på medlemmar i Fakta
5-6 personar etter 9 månader.
- Medverka til ”mjuk landing” av nedbemanningsprosessen i Kultur
Berre fire NJ-organiserte blei overtallige. Unngjekk same prosess som i Fakta.
- Synlig i media og internt
Intervju, kronikkar både i aviser og på Torget. Medlemsverving. Meir bevisst bruk av nettsida vår.
- Klubbesøk
Besøkt og deltatt på møte i Ålesund, Tyholt (fleire), Sami, Tromsø, Førde, Bergen, Østafjells (BuTeVe), Kristiansand, Stavanger, Fakta, Kultur (fleire) og Kringkaster. ”Servicetorg” for medlemmane fleire av desser stadane. Studentbesøk på Lillehammer og Gimlekollen.
- Profesjonalisert tillitsvalde
Nye og fleire kurs (konflikthandtering og retorikk). Betre intern informasjon. Betre tilrettelegging, t.d frikjøp på Tyholt.
Marienlyst 20. oktober 2005
For styret i NRKJ
Leif-Kjartan Bjørsvik Pål Hansen
Leiar Nestleiar

