Her finner du årsmøtesakene

(28.10.09)

Her finner du all info om årsmøtesakene, bortsett fra regnskapet som av pga tekniske problemer ikke lot seg lime inn i denne omgang. Det er imidlertid utsendt alle medlemmer via e-post. Har du ikke mottatt det, ta kontakt med thomas.forde@aftenbladet.no

 

Haugesund Journalistlags årsmøte 29. oktober 2009

 

SAKLISTE:

 

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste

 

  1. Val av ordstyrar, skrivar og to til å skriva under møteboka

 

  1. Årsmelding

 

  1. Rekneskap

 

  1. Vedtektsendringar ( Sjå eiga saksutgreiing og framlegg til endringar)

 

  1. Innkomne saker

 

  1. Arbeidsplan

 

  1. Val

 

 

 Note, punkt 3

Årsmelding for Haugesund Journalistlag 2008/2009

Tillitsvalde:

Årsmøtet i HJ. 30. oktober 2008 valde desse:

Leiar: Thomas Førde, Stavanger Aftenblad (attval)

Styremedlemmer:

Rosa Iren Villalobos, NRK Rogaland (ikkje på val)

Eli Osland, Haugesunds Avis (attval for 2 år)

Harald Nordbakken Haugesunds Avis, (ikkje på val)

Marte Rommetveit, NRK Hordaland, (attval for 2 år)

Varamedlemmer:

Torstein Nymoen, Haugesunds Avis, ( ny, vald for 1 år)

Randi Olsen, Sunnhordland, (ny for 1 år)

Revisorar:

Hans Inge Ringodd, Haugesunds Avis (ny, vald for eit år)

Einar Vestvik, Haugesunds Avis (ny, vald for eitt år)

Valkomite:

Harald Dale, NRK Rogaland ( for 1 år)

Ingvild Sjo, Sunnhordland, (for 1 år)

Truls Horvei, Haugesunds Avis, (for 1 år)

 

Under første styremøte etter årsmøtet blei verva i styret fordelte slik:

Nestleiar: Rosa, kasserar: Eli, skrivar: Marte, fagleg sekretær: Harald, nettansvarleg: Torstein, varastyremedlem: Randi.

 

 

Styrets arbeid:

Styret har hatt 8 møte. Styret sette i gong arbeidsåret med styreseminar i Berlin (20. til 23. november). Dette var ei historisk hending. For første gong la HJ-styret ei slik samling utanlands.

I Berlin blei møtetida nytta til planlegging av HJ’s årlege storsatsing, Vinterkonferansen i Skånevik. I tillegg til å ha det gildt i lag og oppleva smakebitar av Berlins kultur og kafeliv, hadde styret eit interessant besøk i bladhuset Berliner Verlag, i redaksjonane hos Berliner Zeitung og i Berliner Courier.

 

HJ-leiar saman med hovudtillitsvalt i Berliner Verlag, Renate Gensch. Her er kampberedskapen på topp.(Foto: Harald Nordbakken)

 

Vår vert og omvisar var den lokale redaksjonsklubbleiar og hovudtillitsvalt, Renate Gensch. Ho gav oss eit godt innblikk i dei pressa arbeidstilhøva som rådde i dette bladhuset, som Montgomery eigde inntil tidleg i vår.

 

Representasjon:

Leiar deltok i lokallagsleiarsamlinga, som blei halden over to dagar i Hurdal i november 2008. HJ-leiar var der ein av tre lokallgsleiarar som hadde programansvar.

 

Leiar og nestleiar var HJ sine utsendingar til NJ’s landsmøte i april på Gardermoen. I tillegg var HJ-medlem Jon Ådnøy (Haugesunds Avis) landsmøteutsending for konsernlaget i Edda Media.

Under valet på landsmøtet blei Harald Nordbakken frå HJ-styret og Haugesunds Avis valt til varamedlem i NJ’s valkomite. Thomas Førde blei vald som varamedlem til NJ’s kontrollutval.

 

TV Haugaland

NJ’s landsmøte var prega av den tilstundande mediakrisa. Dette var også hovudtema på landsmøtet. HJ’s delegasjon sette under årsmøte fram framlegg til fråsegn om den vanskelege stoda for våre medlemmer i TV Haugaland. Landsmøtet vedtok samrøystes ei fråsgen der ein protesterte mot at TV Haugaland med støtte frå MBL og NHO let lærlingar innan mediagrafikk frå vidaregåande skule ta over delar av den journalistiske drifta samtidig som fast tilsette journalistar blei permitterte. Dette har skjedd utan at lærlingane blir lønna som journalistar

 

Etter ei lei og vanskeleg tid i TV Haugaland, med permitteringar og truslar om oppseiing, er diverre to av våre medlemmer sagt opp. NJ har vore aktiv medspelar og god hjelpar for klubben i TV Haugaland. HJ-styret har gjort sitt beste for å backa opp våre medlemmer der med å arrangera eit par møte med klubb og tillitsvalde på byen.

NJ arbeider framleis med tvistar som har oppstått i den særs vansklege tida for våre medlemmer i TV Haugaland.

Tvisten om lærlingane si lønn er uløyst. Me (NJ) hevdar at lærlingar som arbeider som journalistar, skal lønnast etter journalistariffen. Dette akspeterer ikkje TV Haugaland og får støtte frå MBL og NHO.

Etter møte mellom representantar for hovudorganisasjonane er striden framleis uløyst.

 

Klubbane

I juni var fagleg sekretær i NJ, Ketil Heyerdahl, på turne til interesserte klubbar i vårt lokallag. HJ-styret, ved Randi, la opp eit tett program for Heyerdahl, som starta i klubben hos Hardanger Folkeblad i Odda, heldt fram til Kvinnheringen på Husnes og for vidare til Sunnhordland på Stord. Siste dagen av denne turen vitja Heyerdahl Haugesunds Avis og Grannar.

Føremålet med turen var å hjelpa klubbstyret og forhandlingsutval med grunnlagsarbeid og førebuing til lokale forhandlingar.

 

 

Medlemsrekord.

I fjor kunne me registrera det høgaste medlemstalet i HJ nokonsinne med 107 medlemmer. Per 30. september hadde me 108 medlemmer, altså ein ny rekord. Dette må me gle oss stort over ettersom medlemstalet i NJ samla er på veg nedover på grunn av at mange blir pressa ut av yrket i nedgangstider. Men HJ står nå også i fare for å mista medlemmer i desse vanskeleg tider.

 

 

Debattmøte i samband med årsmøtet:

Etter at det formelle årsmøtet var avslutta, blei det halde debattmøte om praktisk presseetikk. Video laga i samband med Hauststormen på Voss for tre år sidan, blei vist. Videoen omhandla ein praktisk og dramatisk situasjon som på ulike stadier skulle dekkast av etermedia, nett og papir.

Fleire gonger undervegs blei videoen stoppa og møtedeltakarane blei tvinga til å ta stilling til pressetiske dilemma. Eit panel sett saman av Gaute Håkon Bleivik i Haugesunds Avis, Rosa frå HJ-styret og NRK, blei leia til debatt av Harald Dale frå NRK Rogaland.

 

Førjulssamling

16. desember arrangerte HJ førjulssamling på byen (hos Lothes i Haugesund) Vel 20 HJ-medlemmer var innom til uformell prat over julegløggen.

På Stord har HJ-medlemmer i mange år samlast til ei årviss utdeling av Kristtornprisen. Slik skjedde det også i desember 2008.

 

Vinterkonferansen i Skånevik

Dette er HJ si årlege storsatsing, som i år samla over 40 HJ-medlemmer og mange dugande innleiarar.

Konferansen starta fredag ettermiddag kl 18 med eit program særskilt tilpassa HJ-medlemmer i mindre redaksjonar.

Første programpost var etikkdebatt og løysing av praktisk/ etiske dilemma, som me møter i kvardagen som journalistar. Debatten tok utgangspunkt i videoar med rollespell slik me gjorde under årsmøtet i fjor haust. Sigmund Hansen frå Haugesunds Avis var møteleiar medan presseetikkekspert Gunnar Bodahl Johansen IJ sat i panelet saman med NJ’s nestleiar, Kjetil Haanes, Jonn Karl Sætre i Kvinnheringen og Rosa Iren Villalobos i NRK Rogaland og HJ-styret.

Deretter orienterte NJ’s nestleiar Kjetil Haanes om kva NJ hadde gjort for våre medlemmer i små redaksjonar sidan landsmøtet i 2007. Fagmedarbeidar, Ketil Heyerdahl frå NJ hadde innslag om NJ’s lønnsstatstikk, før ein felles opningsmiddag fredagskvelden på Skånevik Fjordhotell.

Etter middagen fredag vart det halde høgtideleg opning av HJ’s fotoutstilling. Juryleiar, BT-fotograf Knut Strand hadde plukka ut dei ti beste innsendte bidraga til HJ’s årvisse fotokonkurranse. HJ-styrets Harald Nordbakken sytte for at desse ti bidraga blei til ei flott utstilling.

Lørdagen opna med to parallelle tilbod.

Gunnar Bodahl Johansen heldt kurs i bruken av den nye Offentlegheitslova. Samtidig møtte klubbleiarar og HJ-styret til tillitsråd der NJ’s nestleiar Kjetil Haanes og fagmedarbeidar i NJ Ketil Heyerdahl var med.

I den første plenumssamlinga lørdag fortalde Kjetil Haanes og viste bilde frå ein fersk tur til den krigsherja Gazastripa. Dette gjorde sterkt inntrykk på forsamlinga. Ketil Heyerdahl orienterte om våre rettar når økonomisk krise rammar mediahusa våre.

 Har det klikka for nettjournalistane? , var namnet på programposten etter lunsj lørdag med følgjande undertittel: -Skal antall klikk/visningar vera einaste ledestjerne for framtidas journalistikk?  Desse sat i panelet og heldt innleiing:

 Multimediaredaktør Sven Egil Omdal frå Stavanger Aftenblad, ansvarleg redaktør Pål Berg i Haugesunds Avis og nettansvarleg i Sunnhordland Svein Olav Langåker.   Forskar Astrid Gynnild frå Universitetet i Bergen heldt hovudinnleiing. Debattleiar var Harald Dale NRK Rogaland

    Kva kan trauste journalistar læra av forfattaren?, heitte neste bolk.

Med undertittel:   -Korleis kan språket og forteljargleda blomstra?  Forfattar Agnes Ravatn blei intervjua av kulturjournalist Trine Styve Varlo i Hgsd Avis.

       Kva må til for å vinna Skup-diplom?, var siste bolk i programmet lørdag. Journalist Trond Olav Skrunes i BT fortalde om sitt arbeid med oljeforureining i Nordhordland etter skipsforlis, eit arbeid som førte fram til hans andre Skup-diplom. Få journalistar har nådd slik utmerking to gonger.

 

Under festmiddagen lørdagskvelden var det prisutdeling:  

Fotograf Harald Nordbakken i Haugesunds Avis fekk førsteprisen i Haugesund journalistlag sin fotokonkurranse. Kollega Alf-Robert Sommerbakk fekk andrepremien.

Nordbakken fekk prisen for eit bilete av Leif Ove Andsnes og Ann Hou Sæter. Sommerbakk vart premiert for eit bilete frå FK Haugesund-kamp.Juryeleiar var Knut Strand, fotograf i BT

Den gjevaste journalistprisen gjekk til Heidi Lindås i avisa Sunnhordland for artikkelserien om operasjon strandsone i Fitjar. Andrepremien gjekk til Karen Hesseberg i TV Haugaland for eit portrett av Vamp-vokalist Paul Hansen. I denne juryen sat Egil Severeide, Jan Harald Larsen og Odd Kristian Stokka.

HJ’s pressepris blei ikkje utdelt denne gongen.

 

Glade prisvinnarar i Skånevik

Søndag føremiddag heldt juryleier for Fotoprisen gjennomgang av utvalde bilete som var sende inn til denne konkurransen. Vinnarane av Journalistprisen fortalde om kvar sine vinnarbidrag.

Etter utstillinga i Skånevik blei dei ti beste bidraga til Fotoprisen på utstilling til Stord kulturhus. Røynslene tilseier at det nye styret må kjøpa inn høvelege og lett flyttbart utstillingsmateriell dersom fotoutstillinga skal kunne vandra rundt i distriktet på ein praktisk og effektiv måte.

Vårmøte

23. april blei den økonomiske krisetida, som mediebransjen nå opplever, debattert på eit ope kveldsmøte i regi av Haugesund Journalistlag. Over 30 NJ-medlemmer og nokre redaktørar fant vegen til debatten, som dermed blei særs godt besøkt.

Leiar av Stavanger Aftenblads gravegruppe, Harald Birkevold, og ansvarleg redaktør Pål A. Berg i Haugesunds Avis hadde kvart sin innlegg om teamet. Til debatten blei panelet utvida med redaktør Magne Kydland fra Sunnhordland og politikar May Britt Vihovde (V). Harald Dle frå NRK var også denne kvelden debattleiar.

Hovudbodskapen frå debatten var at media må prioritera sine redakjonelle ressursar strengare enn før. Det finst ei generell uro blant journalistane over at kritisk og gravande journalistikk blir taparen. 

Arrangementet vårt fekk økonomisk støtte fra Vestenfjeldske redaktørforening pluss bidrag frå Hgsd Avis og Sunnhordland

 

 

 

 

Sommarfest i august.

Mange stemnekollisjonar i mai og juni førte til at HJ-styret i år valde å halda sommarfest 23. august. Me fekk til samarbeid med den Norske Filmfestivalen, som opna denne dagen. Programsjef Håkon Skogrand heldt innleiing i Lille Maritim om arbeidet med samansetjing av festivalprogrammet. Deretter fekk me sjå den franske filmen ”Welcome” om umenneskelege kår som arabiske illegale immigrantar lever under i Frankrike.

Etterpå samlast om lag 20 HJ-medlemmer til gild samkome over god mat og drikke på Lothes i Haugesund.

 

Avslutning

Me har lagt bak oss eit særs utfordrande år i journalistikken. Mange av våre medlemmer har lenge levd og arbeidd i mediahus der eigarane sine spareknivar heng laust i slira. Nedbemanning og kostnadskutt er blitt dagens mantra. Dette gjer arbeidsdagen meir stressande og framtida meir utrygg.

I slike tider treng me kollegiale møteplassar og ei sterk fagforeiing. I tøffe tider kan det likevel vera vanskeleg å finna tid og overskot til fagforeiningsarbeid. Men dei som har vore i verkelege kriser i jobbsamanheng, kan vitna om kor viktig fagleg fellesskap og fagleg profesjonell hjelp kan vera.

Våre ideal om kvalitet og uavhengig saningssøkjing i det journalistiske arbeidet, blir også sett under hardt press i økonomisk trongare tider. Klubbar saman med lokallaget skal her vera som varmestover og vasskjelder når kommersiell kulde krev oss til seig og utmattande strid for kvalitet i journalistikken.

 

Haugesund 14.10.2009

Styret i HJ

 

Note 5

 

 

ak til styremøte i HJ onsdag 30. september 2009.

 

Vedtektsendringar i HJ.

 

Etter landsmøtet i NJ i april blir mange lokallag tvinga til å endra sine vedtekter.

 

Bakgrunn:

Landsmøtet i NJ vedtok at årsmøtet i lokallaga skal byggja på representativitet. Det vil sei at kvar klubb skal kunne velja eit antal delegatar/representantar til lokallaget sitt årsmøte. Desse delegatane får stemmerett i lokallaget sitt årsmøte.

Intensjonen bak dette vedtaket er å sikra brei representasjon og brei deltaking i årsmøtet ved at kvar klubb føler ansvar for å senda eit visst representantar til årsmøtet.

Alle medlemmer i lokallaget, pluss medlemmer i Frilansklubben som bur i lokallaget sitt område, kan likevel møta på årsmøte med tale og forslagsrett.

 

Her er den nye paragrafen i NJ’s vedtekter:

§33.1 Representativitet

NJs organisasjon skal være tuftet på representativitet. Lagene skal ha representative årsmøter, som sikrer redaksjonsklubbenes innflytelse. Hvert enkelt lag velger selv hensiktsmessig fordelingsnøkkel for hvor mange representanter som har stemmerett fra de ulike klubbene.

 

Kva må HJ gjera?

 

Under årsmøte til HJ, 29. oktober 2009, må me endra vedtektene sin paragraf 7, som omhandlar årsmøtet si rolle og innhald. I vedtektene må det stå tydeleg kven som har røysterett i årsmøtet. Korleis utsendingane fra klubbane skal veljast og kor mange utsendingar kvar klubb skal ha etter storleik. Det må også stå skrive kva status einskildmedlemmer i lokkallaget skal ha, dei som ikkje er medlem av klubbar.

 

Sakshandsaming

Ei vedtektsendring skal sendast ut i god tid (4 veker før) årsmøtet. Det må 2/3 fleirtall til på årsmøtet for å godkjenna ei vedtektsendring. Vedtektene skal deretter formelt godkjennast av arbeidsutvalet i NJ. Dei nye vedtektene tar til å gjelda etter årsmøtet i 2009. Det vil sei at alle som møter på dette årsmøtet har stemmerett, dersom årsmøtedeltakarane er medlemmer i HJ.

Har du eller klubben din andre forslag til vedtak i denne saka må du senda dei til styreleiar Thomas Førde så raskt som råd er, seinast innan 14. oktober. Alternative forslag må gjerast kjent før årsmøtet.

 

 

Medlemsflokken i HJ:

HJ har i dag 108 medlemmer som fordeler seg som vist i tabellen nedanfor:

Kva modell skal me velja for representativitet.

NJ har gjort framlegg om fire ulike modellar, som kan nyttast (Sjå nedanfor)

 

HJ-styret har festa seg ved og lete seg inspirera av den siste modellen. Dessutan har me henta inn modellar frå andre lokallag i NJ, lokallag som har liknande storleik som HJ. Me har også henta inn røynsler frå lokallag, som har hatt representativt system i nokre år. Til sist har me henta ut det beste hos andre og prøvd tilpassa dette til våre lokale tilhøve.

 

 

HJ’s modell:

Her får i prinsippet kvart medlem 1 stemme i årsmøtet. Men klubbar med meir enn 3 medlemmer, kan i tillegg velja årsmøteutsendingar for kvart andre medlem slik som i tabllen nedanfor.

 

To røyster per klubbdelegat

Kvar valde årsmøteutsending frå klubbane kan stemma for to medlemmer. Dersom klubbane likevel ikkje har valt utsendingar til årsmøtet, stemmer kvart medlem i årsmøte for seg. Kvar redaksjons/klubb kan avgi maksimalt stemmetal som tilsvarar registrert medlemstal hos NJ per 31. august.

 

Val av delegatar

Årsmøtet må godkjenna fullmakter og deretter fastsetja kor mange røyster kvar klubb kan gi ved ei eventuell avrøysting. Kvar klubb må i sitt årsmøte velja utsendingar til HJ’s årsmøte. Utsendingar kan også veljast på medlemsmøte som blir gjort kjent like godt og i like god tid som eit årsmøte.

 

Avrøysting i praksis

Under ei eventuell avrøysting kan ein nytta to typar stemmesetel, ei for årsmøtedeltakarar, som representerer seg sjølv og ei for årsmøtedelegatar som representeter seg og ein klubbkollega. Det også gjerast så enklet at ved ei skrifytleg avstemming kan klubbdelegatane sine stemmesetlar påskrivast ”x2”.

 

Utrekninga av representantar skal skje slik:



Antall medlemmer

Antall delegatar på årsmøtet

1-3

1-3

4-6

4

7-9

5

10-12

6

13-15

7

16-18

8

19-21

9

22-24

10

25-27

11

28-30

12

31-33

13






34-36

14

37-39

15

40-42

16

43-45

17

46-48

18

 

 

 

 



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Basert på ein slik modell får me følgjande fordeling av røysteføre representantar:

 



Redaksjon

Medlemmer

Delegatar

Bømlo-Nytt

3

3 (dersom alle møter)

Grannar

3

3

Hardanger Folkeblad

5

4

Haugesunds Avis

42

16

Kvinnheringen

6

4

Ryfylke

1

1

Sunnhordland

11

6

TV Haugaland

4

4

Bergens Tidende

2

2

Stavanger Aftenblad

1

1

NRK Rogaland

3

3

NRK Hordaland

2

2

Vestavind

1

1

Radio Haugaland

1

1

Servicemedl, pensjonistar , uuavhengige

23

23



Sum 108

 

 

 

 

 

Formell vedtektsendring i årsmøtet.

Dersom årsmøtet kan gå inn for den modellen som HJ-styret gjer framlegg om må HJ sine vedtekter endrast i § 7.

Endringane er skrivne inn med raudt.

 

Her er paragrafen i HJ’s vedtekter som omhandlar årsmøtet.:

§ 7

Årsmøtet er høgaste makt i laget og skal haldast innan utgangen av oktober.

Alle medlemene kan delta på årsmøtet i lokallaget. Alle medlemene har tale og forslagsrett. Innkallinga skal sendast ut minst fire veker før møtet. Frilansarar som er medlem i NJ skal kallast inn og dei har møte- og forslagsrett. Frilansarar har ikkje røysterett og kan dermed ikkje veljast til verv i lokallaget.

Desse har røysterett i årsmøtet: Alle einskildmedlemmer. Alle medlemmer som er tilsette i redaksjonar med 1, 2 eller 3 medlemmer. Klubbar med fire medlemmer eller meir vel 1 årsmøtedelegat for kvart andre klubbmedlem. Delegatar frå klubbane skal veljast på klubben sitt årsmøte eller på eit medlemsmøte som er innkalla på same vis som eit klubbårsmøte. Talet på delegatar, som klubben kan velja blir avgjort av klubben sitt medlemstal registrert i NJ’s medlemsregister per 31. august.

Dersom klubben ikkje har valt delegatar til HJ’s årsmøte, får kvart frammøtt klubbmedlem høve til å røysta for seg. Røystetalet frå kvar klubb kan aldri vera større enn klubben sitt medlemstal. Ved avrøystingar i HJ’s årsmøte skal det nyttast to typar røystesetlar, ein for einskildmedlemmer og ein for delegatar frå klubbane.

Forslag til årsmøtet skal vera sendt styret seinast to veker før årsmøtet.

Styret legg fram for årsmøtet årsmelding og revidert rekneskap.

Årsmøtet skal velja

leiar

styre med to vararepresentantar

to revisorar

utsendingar til landsmøtet i NJ og

eventuelle komitear og utval.

Valkomiteen legg fram forslag til kandidatar.

Årsmøtet kjem med forslag til medlemer og vel valkomite.

Styret kan kalla inn til ekstraordinært årsmøte med same varslingsfrist som for vanleg årsmøte. Innkalling skjer etter vedtak i styret, eller ved at minst fjerdeparten av medlemmene ber om det, eller eit fleirtal av medlemene i tillitsrådet ber om det. På det ekstraordinære årsmøtet skal berre den eller dei sakene som er nemnde i innkallinga handsamast.

 

 

 

Haugesund 30.09.09

 

Styret i Haugesund Journalistlag

 

 

Vedlegg:

1. Sakliste for HJ’s årsmøte torsdag 29. oktober.

  1. Fire modellar frå NJ for vedtektsendring når det gjeld representativitet

  2. HJ sine vedtekter

 

 

***************************************************************************

Førebels sakliste til årsmøtet:

1. Godkjenning av innkalling og sakliste

2. Val av møteleiar og skrivar pluss to til å skriva under møteboka.

3. Årsmelding.

4. Rekneskap

5. Vedtektsendringar ( NJ’s landsmøte har pålagt oss å innføra eit representativt system for val utsendingar frå klubbar og enkeltmedlemmer til lokallagets årsmøte. HJ-styret sitt forslag til korleis dette kan gjerast i HJ blir sendt ut i god tid før årsmøtet)

6. Innkomne framlegg (Klubbar og medlemmer som vil ha framlegg til handsaming i årsmøtet må gi skriftleg melding til styret seinast 14 dagar før årsmøtet)

7. Arbeidsplan/budsjett

9. Val.

 

Mvh

HJ-styret

v/ Thomas Førde

**************************************************************************

Forslag til fire modeller fra NJ:

 

4 alternative modeller for innføring av representativitet på årsmøtene.

 

Til grunn for alle modellene som foreslås er at alle medlemmer i lokallaget har møte, tale, og forslagsrett på årsmøtene. Modellene skisserer ulike måter å fordele og vekte stemmeretten.

 

1) Klubbene fordeler delegatene mellom seg etter størrelse.

 

Konsekvens:

Klubbene all makt, enkeltmedlemmer ingen.

 

Prinsipper:

  • Kun klubber får stemmerett.

  • Enkeltmedlemmer uten klubbtilknytning får ikke stemmerett

Eks:

  • Alle klubber får 1 stemme.

  • 1 stemme per 5 medlemmer opp til 20 medlemmer

  • Over 20 medlemmer: 10 medlemmer per ytterlige stemme

  • Lokallaget bør bestemme seg for et tak på antall delegater.

 

Styrke:

Oversiktelig hvem som kommer på årsmøtet. Kan gi årsmøtet en forhøyet status. Gir gjennomgående representativitet i organisasjonen.

Forholdet mellom små og store klubber utjevnes noe.

 

Svakhet:

Medlemmer i store klubber får forholdsvis liten makt. Enkeltmedlemmer får ikke stemmerett.

 

 

2) Alle klubbene sender representanter. Medlemmer uten klubb kan stemme på egne vegne.

 

Konsekvens:

Klubbene mindre makt, enkeltmedlemmene mer makt

 

Prinsipper:

  • Alle klubber og enkeltmedlemmer får 1 stemme hver.

  • Klubbene får i tillegg stemmer basert på hvor stor klubben er.

Eks:

  • 1 stemme per 5 medlemmer opp til 20 medlemmer

  • Over 20 medlemmer: 10 medlemmer per ytterlige stemme

 

Styrke: Alle klubber og enkeltmedlemmer kan få stemmerett. Den største klubben kan ikke få flertall av stemmer alene. Større sjanse for enkeltmedlemmer og små klubber å bli hørt.

 

Svakhet: Medlemmer av klubber blir ”mindre verdt” stemmemessig enn enkeltmedlemmer Eks: En klubb med 20 medlemmer får 4 stemmer, hvert medlem blir da verdt kun ¼ stemme. Et enkeltmedlem utenfor klubb blir derimot verdt 1 hel stemme.

 

 

 

3) Stemmeblokker (et medlems stemme like mye verdt uansett tilknytning)

 

3a)

Prinsipper:

- Alle medlemmer i NJ har 1 stemme (ingen stemmer vektes).

- Klubbene samler sine stemmer og sender en representant som da har så mange stemmer som vedkommende representerer. Eller: klubbene fordeler sine stemmer på flere representanter (eks: 50 medlemmer i en klubb, de kan da sende 1 som stemmer for alle 50, eller 5 som stemmer for 10 hver).

Enkeltmedlemmer gis anledning til å komme på årsmøtet og å stemme for seg selv.

 

Styrke:

Alle medlemmer, uansett klubbtilknytning, like mye verdt. Man slipper å veie grupper opp mot hverandre og si at noen fortjener større innflytelse enn andre.

 

Svakhet:

Kan gi store klubber stor makt. Og denne modellen er avhengig av at prosessene i klubbene med å velge representanter er gode (den demokratiske prosessen forskyves dermed noe til klubbnivå).

 

3b) Variant av 2 a (for å forenkle stemmetellingen på årsmøtene)

 

Prinsipper:

  • 1 mann/kvinne, 1 stemme

  • På årsmøtet representerer hver delegat for eksempel 5 medlemmer (dvs. at deres stemme er verdt 5 ganger så mye som et enkeltmedlems stemme). Praktisk kan man gjøre dette med fargekoder på stemmesedlene, eller ved å skrive antall stemmer på stemmesedlene. Man kan også velge at delegatene kan representere 10, 15 eller 20 medlemmer (alt ettersom hva som passer det årsmøtet).

  • Dersom en klubb velger å ikke sende delegater, kan klubbens medlemmer selv møte opp på årsmøtet og stemme for seg selv.

  • Enkeltmedlemmer som ikke tilhører noen klubb, stemmer for seg selv.

 

4) Alle medlemmer blir representert, enkeltmedlemmer grupperes slik at de velger felles representanter.

Prinsipper:

  • Alle medlemmer skal representeres, man oppretter grupper hvor medlemmer uten klubb blir tilhørende.

  • Stemmene fordeles mellom de forskjellige gruppene, enten etter stemmeblokkmetoden eller etter utjevning.

Eks:

  • Alle pensjonister tilhører en gruppe. Man arrangerer gruppemøte for pensjonistene i det aktuelle lokallaget i forkant av årsmøtet, der pensjonistene velger sine representanter.

  • Eller man lager valglister i alle gruppene og sender elektroniske stemmesedler til enkeltmedlemmer.

  • Klubbene velger sine egne representanter.

 

Svakhet:

Det er ikke alltid naturlig å gruppere enkeltmedlemmer. Har de alltid sammenfallende interesser? Skulle man opprette en gruppe for servicemedlemmene, har de sammenfallende interesser? Og en for studenter uten klubb? Det vil også være vanskelig å identifisere hvem som skal stå på valglista. Skal de nominere seg selv? Det kan også være store praktiske og tidsmessige utfordringer med å organisere slike grupper, hvem gjør det?

 

Styrke: Årsmøtets størrelse blir forutsigelig, klubbene blir mer synlige.

 

************************************************************************

HJ sine vedtekter

HJ's nye vedtekter blei vedtekne under årsmøtet 27. okt. 2005

Vedtekter for Haugesund Journalistlag.

 

 

§ 1

Haugesund Journalistlag er lokalavdeling av Norsk Journalistlag. Føremålet er å ivareta medlemene sine økonomiske, faglege og idelle interesser, og fremja gode kollegiale forhold i laget. Laget har ansvar for at det vert oppretta redaksjonsklubbar og at det er aktivitet i klubbane. Vidare skal laget sjå til at NJ sine lover og lønsavtalar vert følgde, hjelpa dei tillitsvalde i fagleg arbeid, arrangera møte og anna verksemd som fell inn under NJ sitt føremål.

 

§ 2

Alle som er medlemer i NJ og har arbeidsstaden sin i Haugesund Journalistlag sitt geografiske område er automatisk medlemer i lokallaget.

Frilansmedlemer,som bur i lokallaget sitt område skal innkallast til møte.

Fast tilsette NJ-medlemer, som blir oppsagde frå sin redaksjon, held fram som medlemer til medlemen sjølv melder overflytting.

Sjukemelde medlemer på attføring og pensjonistar opprettheld medlemskapet dersom dei går ut av yrket.

 

 

§ 3

Utgifter til drift av laget blir dekte av tilskot frå NJ sentralt, i samsvar med lovene for NJ.

 

§ 4

Medlemene har plikt til å gi lagsstyret alle opplysningar om løns- og arbeidsforhold som laget ber om. Desse opplysningane skal styret behandla konfidensielt.

 

§ 5

Laget vert leia av eit styre på fem medlemer med to vararepresentantar.

Leiaren vert vald for eitt år om gongen, og ved særskildt val. Dei andre styremedlemene vert valde for to år om gongen. Men ved første gongs val skal sekretær og eitt styremedlem veljast for eitt år.

Styret vel blant sine medlemer nestleiar, sekretær, kasserar og sekretær for faglege spørsmål. Styret er vedtaksført når minst tre medlemer er til stades. Styret er ansvarleg for at alle vedtak i laget sine organ vert protokollerte og sette i verk.

Styret i lokallaget kan, når det finn det nødvendig, kalla inn til styremøte eller ekstraordinært årsmøte i redaksjonsklubbane.

 

§ 6

Det faglege arbeidet skal drivast via tillitsråd eller konferanse for tillitsvalde og/eller medlemene. I tillitsrådet er klubbleiarane eller dei klubbane peikar ut, medlemer.

Tillitsvalde eller medlemer i alle redaksjonsklubbar i lokallaget sitt distrikt skal innkallast. Innkallast skal og den lokale kontaktpersonen for medlemmene i NJ’s Frilansklubb.

Fagleg sektretær har ansvar for innkalling til tillitsråd eller konferanse, som skal haldast minst to gonger i året.

Fagleg sekretær har ansvar for at det vert henta inn lokal lønsstatistikk og fagleg oversyn ein gong årleg. Styret kan i arbeidet rådføra seg med tillitsrådet i større saker. Styremedlemene bør delta på møta i tillitsrådet.

 

§ 7

Årsmøtet er høgaste makt i laget og skal haldast innan utgangen av oktober.

Alle medlemene kan delta på årsmøtet i lokallaget. Innkallinga skal sendast ut minst fire veker før møtet. Frilansarar som er medlem i NJ skal kallast inn og dei har møte- og forslagsrett. Frilansarar har ikkje røysterett og kan dermed ikkje veljast til verv i lokallaget.

Forslag til årsmøtet skal vera sendt styret seinast to veker før årsmøtet.

Styret legg fram for årsmøtet årsmelding og revidert rekneskap.

Årsmøtet skal velja

leiar

styre med to vararepresentantar

to revisorar

utsendingar til landsmøtet i NJ og

eventuelle komitear og utval.

Valkomiteen legg fram forslag til kandidatar.

Årsmøtet kjem med forslag til medlemer og vel valkomite.

Styret kan kalla inn til ekstraordinært årsmøte med same varslingsfrist som for vanleg årsmøte. Innkalling skjer etter vedtak i styret, eller ved at minst fjerdeparten av medlemmene ber om det, eller eit fleirtal av medlemene i tillitsrådet ber om det. På det ekstraordinære årsmøtet skal berre den eller dei sakene som er nemnde i innkallinga handsamast.

 

§ 8

Minst fjerdeparten av medlemene i laget kan anka eit vedtak i styret, på medlemsmøte eller årsmøte inn for landsstyret eller første landsmøte.

 

§ 9

Styret kan overfor landsmøtet føreslå at medlemer vert strokne eller ekskluderte, i samsvar med NJ sine lover.

 

§ 10

Dersom Haugesund Journalistlag skulle verta oppløyst eller arbeidet i laget opphøyrer på annan måte, skal laget sine pengemidlar og utstyr forvaltast av NJ sitt landsstyre, inntil arbeidet laget er kome i gang att. Oppløysing kan berre vedtakast ved uravrøysting blant medlemmene og det krevst minst

3/4 fleirtal blant dei som har røysterett.

 

§ 11

Endringar i desse vedtektene kan berre vedtakast på ordinært årsmøte, og då med minst 2/3 fleirtal blant dei som møter. Forslag til endringar må vera sendt medlemene minst fire veker før møtet.

Vedtektene i laget må ikkje vera i strid med NJ sine lover. Endringar skal godkjennast av NJ. Dersom det oppstår tvil om tolkinga av desse vedtektene i høve til NJ sine lover, skal NJ sine lover leggjast til grunn.

 

§ 12

Desse vedtektene er vedtekne på årsmøte i Haugesund Journalistlag den 27. oktober 2005 og gjeld frå denne dato.

 

 

 

 

 

 

 

Note 7

Arbeidsplan for Haugesund Journalistlag 2009/2010 
 

- Julegløgg for medlemmer - desember 2009  

- Vinterkonferanse med tillitsråd i Skånevik 5.-7.februar.  

- Medlemsmøte med faglig debatt på  vårparten  

- Sommerfest med faglig innslag - også  i år fredagen før Filmfestivalen i august?   

- Hauststormen - regional journalistkonferanse i samarbeid med lokallagene i Bergen, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i slutten av september  

- Årsmøte - oktober (evt kanskje under Hauststormen?)  

- Styret skal gjennom hele perioden holde fokus på oppfølging av medlemmer som kan bli overtallige ifm med pågående nedskjæringer i mediebedrifter. 

 

 

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING