I strupen på journalistane

(06.03.06) Mange av journalistane på seminaret i Loen vart nok skuffa då dei fann ut at informasjonsmedarbeidarane i ulike offentlege etatar ikkje eigentleg samsvarar med biletet som er skapt. Informasjonsmedarbeidarane var langt på veg førehandsdømde som vernarar av arbeidsgjevaren, men det var i staden journalistane som fekk nedetter nakken med skuldingar om manglande kjeldekritikk, førehandsskrivne ingressar og kunnskapsløyse.

Tekst av: Geir Arne Solheim

Dei tre informasjonsmedarbeidarane i panelet var Rune Timberlid i Lotteritilsynet, medialærar Anne Britt Sande og informasjonskonsulent Anne Margrethe Alværn. Alle har røynsle frå journalistikken, og kjenner difor begge sider av bordet godt. Dei hadde heller ingen problem med å svare for seg, og gjekk stundom hardt til åtak på journalistane.

Informasjon er ikkje PR
Mange av journalistane i salen sat tydelegvis med eit inntrykk av at ein informasjonsmedarbeider sitt hovudarbeidsområde er å manipulere media. Men akkurat det er langt frå kvardagen til den gjennomsnittlege informasjonsmedarbeidarane.
- Journalistane trur at alt handlar om media, men å drive med informasjon er langt meir enn det, påpeika Alværn, og synte til SFT der berre ein av ti informasjonsmedarbeidarar jobbar med media.

Ventar med dårleg nytt
Informasjonsmedarbeidaren, spesielt i offentlege etatar, vil i stor grad vere ein vegvisar i systemet, til hjelp nettopp for media.
- Det er klart at offentlege medarbeidarar òg vil vente til fredag ettermiddag med å lansere dårleg nytt, men på eit eller anna tidspunkt må dei som vert betalt av skattebetalarane ut med språket, meiner Alværn, og legg til at ein i staden nyttar mykje tid på å rettleie journalistar rundt i systemet til rette fagfolk på ulike tema.

Stolar bra på journalistane
Timberlid var òg inne på dette.
- Vi er ikkje pålagde å vere så lojale mot arbeidsgjevar at vi skal halde attende informasjon, men det er vel klart at vi ikkje fyk ut i media med saker der vi vert tekne med buksene nede, var ein av kommentarane til Timberlid. Timberlid påpeikte òg at ein har høve til å sile informasjon, men at ein ikkje gjer det. Han føler at han vert stolt på av media, og han stoler sjølv bra på journalistane – særskilt dei lokale.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING