– Godt jobba. Sant å seie trudde eg vi skulle få ein ny pensjonsstreik, men her har det vore vilje til å finne løysingar, noko eg sakna under konflikten for to år sidan, seier Sørland.
Resultatet vil påverke pensjonsavsetningane i Firdaposten.
– Dette betyr at vi i Firdaposten vil få vesentlege betre pensjonsordningar innan tre år. Vi har i dag den dårlegaste ordninga i A-pressen med to prosent innskot, og vil verte løfta til fire prosent, som er ”golvet” i den nye sentralstyrte pensjonsavtalen. I tillegg har vi fått ein lokal rett til å forhandle fram endå betre avtalar. Tidlegare har vi opplevd å verte overkøyrde av leiinga utan å ha noko vi skulle ha sagt, seier han.
Også lønsmessig er Jon H. Sørland til ein viss grad nøgd, men ikkje heilt.
– Det er bra at seniorane har fått eit lite løft. 6000 kr til dei med 25 års fartstid og 7 000 til med 30 år hjelper på, men helst ville eg hatt eit betydeleg løft på heile minimumsstigen. I distrikta er det ofte smått med personlege tillegg, og dermed vert journalistane svært lågt lønte samanlikna med dei yrkesgruppene det er naturleg å samanlikne seg med, meiner han.

