Ikkje lenger overtallig

(29.06.05) Dei overtallige NJ-organiserte i Faktaavdelingen som framleis er i jobb der, er ikkje lenger overtallige. Ei gledelig nyheit for dei det gjeld.

Dei overtallige blei plukka ut i Faktaavdelingen i fjor haust. Sidan har dei halde fram med å jobbe i avdelingen. Dei har også fått beskjed om at det er jobb til dei ut dette året. I tilllegg er det henta inn 20 vikarar. Fakta-klubben og NRKJ-leiinga har derfor hevda at dei overtallige reelt sett ikkje er overtallig lenger. Vi er derfor glade for at NRK har løyst saka. Ikkje minst er dette ei god nyheit for dei det gjeld.

Journalisten skriv også om saka i dag.

I Kulturavdelingen er ikkje alle sakene løyst enno. Men vi ser at sjefane jobbar med å finne løysingar for våre fire overtallige medlemmar. Vi håpar på ei rask og god avklaring.

Leif-Kjartan Bjørsvik
Leiar NRKJ

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING