Sogn og Fjordane Journalistlag kallar med dette inn til ekstraordinært årsmøte.
Møtet finn stad på Sunnfjord Hotell i Førde 5. juni, og startar klokka 13.00.
Sakliste:
Saka som skal handsamast er årbokavtala med Selja Forlag. Det er sendt ut e-post med styret si innstilling og saksutgreiing,
og kopi av sjølve årbokavtalen.
(Juridisk utgreiing frå NJ vil bli ettersendt når den er klar)
Viktig - ang. røysterett:
Styret minner om at følgjande paragraf vart vedteken på årsmøtet i haust:
"Sogn og Fjordane Journalistlag har representative årsmøte der kvar klubb får ei røyst for kvar 4.medlem, minimum ei røyst
per klubb. Frå 20 medlemmer og oppover er det ei røyst for kvar 10.medlem"
Styret ber difor om at kvar redaksjonsklubb vel sine utsendingar, gjerne med vararepresentantar.
Det er svært viktig at dette blir gjort på førehand, slik at ein slepp ein kaotisk situasjon på sjølve årsmøtet der det blir
uklart kven som har røysterett.
Alle medlemmer kan sjølvsagt møte opp på det ekstraordinære årsmøtet. Årsmøtet som organ kan gje alle medlemmer tale og forslagsrett,
men som vedtektene no seier vil berre eit visst antall frå kvar klubb ha røysterett.
Med vennleg helsing
Styret i Sogn og Fjordane Journalistlag

