Av Nils-Tore Sele
HAUGESAUND: Til debatt om den nye mediekvardagen i Noreg, hadde Haugesund journalistlag 25. oktober invitert Kjetil Haanes, hovudtillitsvald i det gamle Orkla Media-systemet, klubbleiar Harald Birkevold i Stavanger Aftenblad i tillegg til klubbleiar Svein Olav B. Langåker frå den vesle, famileeigde og uavhengige dags- og lokalavisa Sunnhordland på Stord. Desse tre skulle snakka og debattera kring Mecom sitt oppkjøp av Orkla Media og arbeidet som føregår med å samla Aftenposten og dei tre store, norske regionavisene under paraplyen Media Norge. Dei skulle også snakka om oppkjøpet og fusjonsplanane ville føra til for like aviser. Ordskiftet skulle også ta for seg om lokaljournalistikken står føre ein snarleg død med tanke på det som har skjedd.
Debatten vart interessant, og samla nær ein fjerdedel av medlemene i vårt journalistlag som tilhøyrarar.
Mykje skjedde fort
Harald Dale styrte debatten med dyktig hand. Både Haanes og Birkevold kom i sine innlegg med opplysningar som kasta lys over prosessane som hadde vore i sving ved oppkjøp og ikkje minst prosessen som enno er i gang med å samla Media Norge. Klubbleiar Harald Birkevold er ottefull over følgjene samanslåinga til Media Norge kan få for Stavanger Aftenblad.
-Blir dette ein realitet er eg redd for at babyen blir slått ut med badevatnet. Kjem Media Norge, forsvinn Stavanger Aftenblad i det nye mediehuset, sa han og fortalde om ein kjapp fusjonsprosess i sommar. Så fort skjedde ting då at Birkevold måtte avbryta ferien sin for å vera med der ting skjedde.
Kjetil Haanes på si side fortalde om frykta dei tidlegare Orkla Media-tilsette kjenner over at det er ein svært blakk mann med David Montgomery med sitt Mecom som har fått hand om det norske mediekonsernet.
-Han er blakk og baud for dyrt, no kjem me snart til å få svi for dette, understreka han.
Trur på lokal eigarskap og journalistikk
Som ein motpol til dei to andre fortalde klubbleiar Svein Olav B. Langåker om framtidsvyene for Sunnhordland. Nye eigarar er også på veg inn her, men frå same familie som har hatt hand om avisa i 104 år.
-Eg trur me framleis vil ha lokal eigarskap, i alle høve i ein generasjon til, uttalte han og understreka at lokaljournalistikken kjem til å stå sterkt også i framtida. Eit syn som både Haanes og Birkevold delte.
-Det er ei felle å ignorera lokaljournalistikken og å laga like aviser, sa Harald Birkevold under debatten.
-Lokaljournalistikken vil ikkje døy. Det superlokale sel godt og klarar seg best. Det ser me mellom anna med Oslo-prosjektet, poengterte Kjetil Haanes overfor ei lydhøyr forsamling.
Debattmøtet samla om lag tilhøyrarar frå journalistlaget, og debattantane fekk også fleire spørsmål. Mest å svara på fekk Kjetil Haanes med mange journalistar frå Mecom-eigde Haugesunds Avis i lokalet.

