Av Ketil Tjore, sekretær i BJ
To representantar frå NJ hadde teke turen over fjellet for å vera med på møtet på Hotel Neptun denne dagen. Nestleiar i NJ Ann-Magrit Austenå snakka om resultata frå arbeidslivsundersøkinga som nettopp er gjennomført, der det mellom anna kjem fram at ein tredel av alle medietilsette årleg opplever å verta sjukmeld på grunn av arbeidsmiljøet.
NJ-jurist Ketil Heyerdahl viste fram den heilt ferske lønsstatistikken. Statistikken viser at det framleis er stor forskjell på lønsnivået mellom Oslo-journalistane og journalistar i landet elles. medan dei med adresse Oslo har eit snittløn på nær 400.000 kroner, er snittløna for landet elles 330.000 kroner.
Heyerdahl hadde i etterkant av tillitsrådet eit eige møte for klubbleiarane i dei minste avisene, der han såg gjennom nokre lokalavtalar og elles gav generelle råd til korleis ein bør gå fram for å få ein best mogleg lokalavtale.
Desse klubbane var representert på tillitsrådet: TV2 Interaktiv, Klubb 2, Hordaland Folkeblad, Avisa Hordaland, Åsane Tidende, Dagen, Bergensavisen, Bygdanytt, Nordhordland, Vestnytt, TV Hordaland, Bergens Tidende, NRK Hordaland, Os- og Fusaposten, Fiskaren og Avisa Strilen. I tillegg var også styret i Bergen journalistlag representert.