Journalistar mot fusjon

(23.01.06) Kva skal det eigentleg vere godt for at Orkla Media og A-pressen, dei to største eigarane av regionale aviser i dette landet, fusjonerer? Dette spørsmålet stiller Jon Sørland, leiar i Sogn og Fjordane journalistlag, i dette lesarinnlegget.

Kva skal det eigentleg vere godt for at Orkla Media og A-pressen, dei to største eigarane av regionale aviser i dette landet, fusjonerer? Spør deg sjølv? Kva skal det vere godt for? Kva kjem lokalsamfunna og dei lokale avisselskapa til å tene på det? Korleis vil dette påverke lokaldemokratiet? Korleis vil det påverke konkurransen på dei stadane som har to aviser? Korleis vil det påverke talet på arbeidsplassar lokalt?


Det er ikkje vanskeleg å forstå at eigarane ut frå eit økonomisk perspektiv vil slå saman dei to konserna. Mange ting kan sentraliserast. Vi kunne få betre trykkeriutnytting, felles store økonomieiningar, felles annonsebooking, og ikkje minst vil ein vere ei slagkraftig einig mot dei store annonsørane, og ein vil kunne ha musklar til å vekse i utlandet.

Då er det jo synd at det i mediebransjen ikkje berre er økonomiske motiv som tel. Vi har ei særdeles viktig samfunnsoppgåve. Mangfald og eigarar med ulikt ideologisk ståstad sikrar meiningsbryting og debatt. Vi sikrar lokaldemokratiet. Ein monopolist som eig mesteparten av dei regionale avisene vil raskt verte veldig interessant politisk sett. Du skal ikkje tru at Lo er ein tilfeldig eigar av A-pressen. Mange vil hevde at Lo ville vert ein god eigar for alle dei regionale avisene her i landet, så la berre A-pressen overta. Men problemet er at då snakkar ein politikk, og det er politikarane som skal gjere, ikkje journalistane.

 

Det er minst fire måtar å angripe denne saka på:

Sjå på alle dei økonomiske positive samordningseffektane ein samanslåing vil få- då tenkjer du som ein eigar.

 

Du kan også vere i mot at Orkla skal få utanlandsk eigar, noko som er eit høgst aktuelt alternativ så lenge Orkla Media er til sals; då kan ei samanslåing med A-pressen, eller ein annan norsk aktør, vere like greitt.

 

Lo og Telenor som eig mesteparten av A-pressen vil vere gode og fornuftige eigarar av Orkla Media - då er du for ein fusjon.

 

Ta i vare mangfaldet og konkurransen, bevare arbeidsplassar lokalt og støtte opp om dei uavhengige avisene som enno finst, då er du i mot ein fusjon.

 

Om alle trur A-pressen er verdas snillaste eigar kan vi berre minne om kva som skjedde med dei to avisene i Bodø. Nordlandsposten og Nordlands Framtid fusjonerte til ei ny, Avisa Nordland, med alt det hadde å seie for redaksjonell dekning og arbeidsplassar.

Inntil Årsmøtet i Journalistlaget i Sogn og Fjordane har handsama saka er eg vi imot fusjon. Dermed er vi heller ikkje for at Trond Giske skal oppheve 10 % regelen for norsk dagspresse, altså at nokon som eig meir enn 10 % skal kunne kjøpe opp eller fusjonere med nokon annan aktør som er større enn ti %. Både Orkla og A-pressen har i dag kring 16 prosent av norsk dagspresse her i landet.

 

Jon Holsvik Sørland

leiar i SFJ

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING