Journalistikk til salgs?

(27.04.06) *Er journalistikken i bilag og temasider regissert berre som innsats i pengemaskinar?
*Trør journalisten her over presse-etiske grenser mellom tekstreklame og redaksjonelle uavhengigheit?

*Etter mange år med presse-etiske øvingar og jakt på overtramp i høve til tekstreklame; er me blitt flinkare?


Bli med og diskuter dette i HJ torsdag 4. mai kl. 19.00.

 





 

Bli med på debattmøte i Haugesund Journalistlag

Torsdag 4. mai kl. 19.00 i Hotell Rica Maritim i Haugesund.

 

Forskar Ivar Andenæs fra IJ-senteret held innleiing

Han har laga ei undersøkjing om pressetikk og teksreklame i bilag og temanummer i nord-norske lokalaviser. Han presenterer sine funn

Andenæs har også fått tilsendt til gjennomsyn, utvalde bilag og temanummer frå lokalaviser i vårt distrikt. Desse vil han kommentera.

 

Lokale avisredaktørar og redaksjonsleiarar blir inviterte til møtet for å kommentera.

 

Servering.

Ver gild og meld deg på til kasserar Eli Osland, eli.osland@haugesunds-avis.no, innan tirsdag 2. mai kl. 14.50. slik at me får tal på kor mange me skal tinga mat til. Me har også reservert nokre overnattingsplassar på hotell for langvegsfarande lagsmedlemmer. Sei frå ved påmelding om du treng husly for natta.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING