Kvart år deler Sogn og Fjordane Journalistlag (SFJ) ut ein pressepris og ein fotopris til journalistar i Sogn og Fjordane som har utmerka seg med særs god journalistikk og fototeft det siste året. I år fann ikkje dei to fagjuryane grunnlag for å dele ut nokon av prisane på grunnlag av dei nominerte kandidatane. Leiaren i presseprisjuryen, Solveig Barstad i TV2, seier at juryen stiller svært høge krav til denne prisen – krav som ikkje vart infridde i år.
Ingen blinkskot
- Ingen av kandidatane i år har ”bidrege til å auke nivået i fylket med framragande journalistikk”, som det står i statuttane for prisen. For å oppretthalde statusen på prisen vil difor juryen avstå frå å kåre ein prisvinnar i år, seier Barstad.
Likeeins er det med fotoprisen. Juryformann, fotograf Olav Øygard, fortel at ingen av kandidatane heldt høgt nok nivå til
at fagjuryen ville tilrå ein prisvinnar.
|
- Eg trur nok kanskje dette har mykje med for dårleg nimonering å gjere, for det må vere nokon fotografar der ute som har teke eit bilete som har fortent ein fotopris. Men eg ser heller ikkje vekk frå at journalistane sine arbeidsvilkår i fylket kan ha noko å seie. Låg løn og stadig større arbeidspress øydelegg nok både motivasjon og evne til å drive god journalistikk og til å tenkje gode bilete. Det er i så tilfelle eit tankekors, seier Øygard.
|
Kjempar for rettane
Leiar i Sogn og Fjordane Journalistlag, Jon H. Sørland, tykkjer det er beklageleg at ein i år ikkje får heidra to av dei mange gode journalistane i fylket. Han er samstundes glad for at fagjuryane tek sitt ansvar på alvor og er med på å bidra til at presse- og fotoprisane framleis skal hengje høgt som utmerking i Sogn og Fjordane.
- Eg merkar meg innspelet frå Olav Øygard. Dersom han har rett i dette, er det ei fare det viktige arbeidet som journalistane har i fylket. Ein ting er prisane, ein annan ting er at presset på journalistane som yrkesgruppe vert så stort at ein ikkje får utføre yrket vårt slik vi ønskjer. Sogn og Fjordane Journalistlag vil halde fram med å kjempe for journalistane sine arbeidsvilkår, og samstundes sikre gode lese-, lyttar- og sjåaropplevingar for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, seier Sørland.


