Juryen si grunngjeving for pressepris og fotopris

(01.11.11) Her kan du lesa grunngjevinga for tildelinga av årets presseprisar og fotopris.

Presseprisen

 

Juryen si grunngjevnad:

 

Først og fremst vil juryen framheve at det er mykje godt journalistisk arbeid vi har lese og høyrt i sakene som er sendt in.

Og vi vil også understreke at å vere jury, er ingen enkel jobb. Det er mykje ein skal ta omsyn til.

Den Oslo-baserte juryen har også i år bestått av:

Sølve Stang, tidlegare NRK, som no driv sitt eige kommunikasjons- og filmproduksjonsselskap - StangMedia.

Dag Nestegard som er blitt redaktør i Bok og Samfunn.

Og Else Gro Ommundsen, tidlegare journalist i Firdaposten i Florø, no Dagsavisen i Oslo.

Denne røynde juryen har bestemt seg, heilt på eiga hand, å opprette ein ny ekstrapris, men berre for i år:

 

Takka vere vinnarane sine gode kunnskaper om musikk, og vilje og evne til å formidle dette, vil årets jury gi den «kun-for-i-år-oppretta» Kulturprisen til Luttredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane.

 

Grunngjevnad: I 6 år har Stein Aase og Stian Sjursen Takle jobba aktivt og journalistisk med musikk frå Sogn og Fjordane. I dag er Lutt både eit radioprogram, dei er hitlista Fylkestoppen, nettportalen www.lutt.no, fleire årlege livekonsertar med lokalmusikk i kulturhus og pris til årets artist frå Sogn og Fjordane.
Stein Aase og Stian Sjursen Takle har gjennom intervju og satsing gjort fylket kjent med den allsidige musikkbransjen i Sogn og Fjordane. Dei har sett søkelyst på problemstillingar, talent og utfordringar. For NRK Sogn og Fjordane er Lutt ein viktig del av samfunnsoppdraget med å vise fram lokal kultur.

 

 

Så til sjølvaste Sogn og Fjordane pressepris 2011.10.25

Vi startar med ei heiderleg omtale.

Journalisen i denne saka er ung, men har våga seg inn i et tøft og hardt miljø i sin eigen heimby.
Dette krev spesielt mykje mot sidan Florø er ein liten by. Og som juryen har lagt vekt på hos tidlegare vinnarar; dette er også eit døme på ei vanskeleg sak for ein journalist i lokalmiljøet. 

Saka vart klaga inn til PFU og det vart truga med sivilt søksmål.
Likevel heldt NRK fram med å lage saker og grave meir. PFU gav NRK medhold på alle punkt, og meinte det var gjort ein god jobb.

Heiderleg omtale til ein tøff 21 åring, Simon Solheim og hans kollegaer i NRK, for saka Hammer MC/Hog Riders MC i Florø sine band til Hells Angels 

 

Så til hovudprisen:

 

Sjølvsagt er også denne omstridt. Folk står mot kvarandre og hevdar sitt.

Vi tek ikkje stilling til kven som har rett og feil, men det er slik god journalistikk skal vere. Den skal skape debatt. Og nettopp denne saka går veldig til kjerna i eit grunnprinsipp: Eit fagforbund skal kjempe for rettane til sine medlemmar. Derfor er det ein enorm kontrast når NRK avslører at det er sentrale krefter i sjølve forbundet som plagar og mobbar sine tilsette.

Årets pressepris går til til Bård Siem i NRK for saka om mobbing i fellesforbundet.

 

Grunngjevnad: NRK har fått tre ulike tilsette i Fellesforbundet til å gå ut og fortelle om mobbing og trakassering frå den lokale leiaren.

Ein medarbeider har mista jobben etter å ha fortalt om saka.

Journalist Bård Siem har laga fleire saker om dette, noko som har resultert i at den sentrale forbundsleiaren etterkvart har engasjert seg i saka.

 

NRK har også snakka med Ingunn Yssen, som skulda  LO-leiar Gerd Liv Valla for mobbing og trakassering. Det endte med at Valla måtte gå. Yssen har fortalt til NRK at ho ser klare parallellar mellom saka i Førde og si eiga sak.

I Fellesforbundet i Sogn og Fjordane var det varslaren som måtte gå . Førebels.

 

Fotoprisen:

Fotoprisen 2011: Fotojuryen er i år samansett av Fotograf Oddleiv Apneseth, Mediaklassen 2mka på Mo og Jølster vgs, og Medialærer Olav Øygard. Alle jurymedlemmane har samla seg om eit bilete.

 

Årets fotopris går til ein fotograf som på ein respektfull måte har skildra ein sentral del av den store tragedien som prega landet dette året.  Bilete formidlar sorga på ein vakker, stemningsfull og  og subjektiv måte. Bilete er henta frå gravferda til Hanne Kristine Fridtun som vart drepen på Utøya. Det er vanskeleg å gå utanom Utøya-tragedien i ein prisutdeling for 2011, men bilete er uavhengig av dette. Ein klår vinnar av fotoprisen 2011 er Øystein Torheim.

 

 

 

 

 

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING