Vil nye jobbar i internettaviser fjerna like mange jobbar i tradisjonelle papiraviser?
eller:
Kan nettavisene stimulera til meir leselyst også mellom abonnentar av papiravisene?
Er internettsatsing vegen å gå også for dei mindre lokalavisene?
Desse blir med i panelet:
Hans Hjellemoe, redaktør i bladet Kampanje
Kjell Skrunes, nettredaktør i Stavanger Aftenblad
Lars Mæland, redaktør i Sunnhordland.
Rune Hetland, dagleg leiar av Landslaget for lokalaviser.
Etter debattmøtet ca. kl. 21.10 blir det servering av mat og drikke i ein av hotellets restaurantar.
Men hugs!
Årsmøtet i HJ startar same kveld kl. 18.00 i Hotell Rica Maritim.
For at hotellets kjøken skal kunne vita kor mange dei skal laga mat til, vil me ha
påmelding til nestleiar i HJ-styret, Rosa Iren Villalobos, rosa@radio102.no, innan mandag 24. oktober kl 14.10.
Dei som på grunn av logistikk og geografi eller andre sosiale omsyn treng overnatting på årsmøtehotellet, tar dette opp med nestleiar Rosa. Ta gjerne opp spørsmålet om overnatting i same e-posten der du melder deg på til årsmøte/debattmøte og middag.
Vel møtt til haustens klart viktigaste møte i HJ.
Med helsing
Thomas Førde
HJ-leiar

